Til hovedinnhold

6. juli 2020

Tilsyn med Nye Veier sitt system for drift

Nye Veier har i hovudsak eit tilstrekkeleg system for å sikre drift av vegnettet.

Målet med tilsynet har vore å undersøke om tilsynspart har eit tilstrekkeleg system for å sikre drift av vegnettet.

Nye Veier AS (Nye Veier) har sett trafikk på sine første vegstrekningar, og vil i åra framover ferdigstille fleire deler av riksvegnettet som skal driftast. Vi ønskte difor å undersøke om Nye Veier har fått på plass dei elementa i styringssystemet som er mest kritiske for å oppretthalde sikker veginfrastruktur.  

Samla sett viste tilsynssaka at Nye Veier sitt styringssystem for drift av veg i all hovudsak er tilstrekkeleg.

Vegtilsynet fann 3 avvik som vil verte følgt opp med Nye Veier. I tillegg er det gjort 1 observasjon.

  • Nye Veier har ikkje tilstrekkeleg oversikt over relevante eksterne krav knytt til prosessen «Drift av vei».
  • Det går ikkje fram av prosessen «Drift av vei» kven som skal undersøke årsakene til dei ulike typane avvik som kan oppstå knytt til drift av vegnettet, når det skal gjerast eller korleis det skal gjerast.
  • Nye Veier har ikkje eit system for å evaluerer at tiltak for forbetring har effekt.
  • Kontrollplanane for prosessen «Drift av veg» er ikkje dokumentert i styringssystemet.