Til hovedinnhold
18. november 2019 sak 2019-12

Oppfølging av funn avdekka gjennom sykkelveginspeksjonar Statens vegvesen

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynet blei gjennomført i Region nord. Tilsynssaka omhandla oppfølging av funn avdekka gjennom sykkelveginspeksjonar.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.


Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region nord følger opp funn avdekka gjennom sykkelveginspeksjonar.

Vegtilsynet har undersøkt oppfølginga av sykkelveginspeksjonar gjennomført i perioden 2014–2018 i vegavdeling Nordland, vegavdeling Midtre Hålogaland, vegavdeling Troms og vegavdeling Finnmark.

Samla sett viste tilsynssaka at Region nord stort sett etterlever dei krava Statens vegvesen har sett til korleis oppfølginga av funn frå sykkelveginspeksjonane skal gjennomførast. Tilsynet har likevel vist at nokre av dei mest alvorlege funna ikkje er eller vil bli utbetra, og at trafikksikkerheita på areal for syklistar ikkje fullt ut er ivaretatt.

Vegtilsynet gjorde følgande funn:

  • Vegavdeling Nordland og vegavdeling Midtre Hålogaland har ikkje gjennomført alle vedtekne tiltak.
  • Vegavdelingane manglar metode/verktøy i prosessen med å velgje og prioritere tiltak basert på alvor i funna og kor mykje tiltaket kostar.

Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil bli følgt opp med Statens vegvesen. I tillegg er det gjort éin observasjon.

1. Bakgrunn

I Statens vegvesens handlingsprogram står det at «[i]nspeksjoner av alle gang- og sykkelanlegg og nasjonale sykkelruter skal være gjennomført i løpet av 2019 med hensyn til trafikksikkerhet».1

I Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2018–2021 står det at:

En sykkelveginspeksjon er en systematisk gjennomgang av en sykkelrute for å identifisere feil og mangler. Trafikksikkerhet er et sentralt tema i disse inspeksjonene. Statens vegvesen vil videreføre målsettingen om at alle sykkelruter langs riksvegnettet skal være ferdig inspisert innen utgangen av 2019. Av totalt 1476 km med sykkelruter langs riksveger var det per 1/1 - 2017 gjennomført sykkelveginspeksjon av 60,3 prosent, mens kun 36,2 prosent var utbedret. Dette viser at det er behov for bedre rutiner for oppfølging av sykkelveginspeksjonene med nødvendige utbedringer.2

Med bakgrunn i dette gjennomfører Vegtilsynet fleire tilsyn innan temaet trafikksikkerheit for heilårssyklisten, med deltema sykkelveginspeksjonar. I denne tilsynssaka ville Vegtilsynet undersøke oppfølginga av dei sykkelveginspeksjonane som er gjennomført i Region nord i perioden 20142018.

2. Mål og problemstillingar

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region nord følger opp funn avdekka gjennom sykkelveginspeksjonar. Problemstillinga er:

Sikrar Statens vegvesen, Region nord at trafikksikkerheita på areal for syklistar blir ivaretatt gjennom oppfølginga av sykkelveginspeksjonane?

3. Gjennomføring og metode

Tilsynssaka er gjennomført som ein revisjon og blei varsla 19. mars 2019.

Tilsynet er gjennomført i vegavdelingane Nordland, Midtre Hålogaland, Troms og Finnmark.

Basert på varselet mottok Vegtilsynet dokumentasjon frå alle sykkelveginspeksjonar gjennomført i Region nord i perioden frå og med 2014 og fram til i dag:

Tabell 1: Undersøkte sykkelveginspeksjonar

Sykkelveginspeksjon (inspeksjonsår i parentes)

Vegavdeling Nordland

E6, HP8 Førnes (2018)

E6, HP9 Sjånesheia (2018)

E12, Tverråga bru – x Brennåsvegen (2018)

Vegavdeling Midtre Hålogaland

E10, Strandelva – Bogen skole (2014)

E6, Skjomnes – Håkvik (2016)

E10, Hamnøytunnelen og Fjøsdaltunnelen (2017)

Vegavdeling Troms

E6, Sørkjosen – Storslett (2014)

E6, Skibotn (2016)

Vegavdeling Finnmark

E75, Varanger nord (2015)

 

Tilsynssaka er gjennomført med dokumentgjennomgang og intervju med aktuelle personar. Intervju blei gjennomført 28. mai, 2. juli og 20. august 2019.

Tilsynspart har lagt forholda til rette for ei effektiv gjennomføring av tilsynet.

4. Tilsynsresultat

Symbola som er brukt for å illustrere tilsynsfunna i rappor­ten går fram av tabellen under.

Avvik
Mangel på samsvar med krav

Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart

Ingen funn
Tilsynskriteriet er oppfylt

Utkast til rapport blei lagt fram for tilsynspart 17.10.2019, med frist for å gi tilbakemelding på faktafeil. Tilsynspart ga slik tilbakemelding innan fristen og dette er tatt omsyn til ved utarbeiding av endeleg tilsynsrapport.

For å kartlegge manglar og gjennomføre tiltak for å ivareta trafikksikkerheita på gang- og sykkelvegar, har Vegdirektoratet informert om at alle sykkelruter langs riksvegnettet skal inspiserast. Handbok V720 Trafikksikkerhetsrevisjoner og -inspeksjoner (2005) og Handbok 249 Sykkelveginspeksjoner (2004) skal leggast til grunn ved gjennomføring av denne oppgåva.3


Tilsynskriterium 1: Prosjekteigar er ansvarleg for å bestemme kva tiltak som skal gjennomførast4


Tilsynsbevis

De fire vegavdelingane har valt ulike måtar å ivareta prosjekteigarrolla for å bestemme tiltak etter sykkelveginspeksjonane. I vegavdeling Nordland er det seksjonsleiar for plan og forvaltning som har ansvar, mens det i vegavdelingane Midtre Hålogaland, Troms og Finnmark er avdelingsdirektørane som har ansvar.

I alle dei fire vegavdelingane blir dei tiltaka som er føreslått i inspeksjonsrapporten gjennomgått, og det blir utarbeidd framlegg til tiltak som bør gjennomførast. Det blir brukt fagleg skjønn og erfaring for å velje og prioritere tiltak basert på kor alvorleg funnet er, og kostnad på tiltaket. Dei har ingen metodiske verktøy til hjelp i denne jobben, og vurderingane blir ikkje dokumentert.

Under inspeksjonane blei alvoret til funna vurdert i samsvar med figur 1 i Handbok V720 Trafikksikkerhetsrevisjoner og -inspeksjoner:

2019-12 tabell1.jpg
Figur 1: Mal frå T-ess-skjema til vurdering av alvor til funn


Vegtilsynets gjennomgang av forslaga til kva tiltak som bør bli gjennomført, viste følgande om typar funn som står att når dei vedtekne tiltaka er gjennomført:

Tabell 2: Oversikt over funn som ikkje er bestemt utbetra, august 2019

Sykkelveginspeksjon

Totalt tal funn avdekka

Røde funn som ikkje utbetrast

Orange funn som ikkje utbetrast

Gule funn som ikkje utbetrast

Vegavdeling
Nordland

E6, HP8 Førnes/HP9 Sjånesheia

6*

0

1

1

E12, Tverråga bru – x Brennåsvegen

12

1

5

1

Vegavdeling
Midtre
Hålogaland

E10, Strandelva – Bogen skole

16

0

0

1

E6, Skjomnes – Håkvik

5

0

0

0

E10, Hamnøytunnelen/Fjøsdaltunnelen

10

0

1

0

Vegavdeling
Troms

E6, Sørkjosen – Storslett

34

1

7

0

E6, Skibotn

7

0

0

3

Vegavdeling
Finnmark

E75, Varanger nord

23

0

8

5

* E6, HP8 Førnes/HP9 Sjånesheia: 2 av funna manglar alvorlegheitsgrad og desse er ikkje kategorisert i tabellen.       

 

Forslaga til prioriterte tiltak blir sendt til prosjekteigar for godkjenning. Vanlegvis er det ikkje tilstrekkeleg med pengar til å utføre alle dei tiltaka som er føreslått i inspeksjonsrapporten.

Regionen har lagt fram dokumentasjon på kva som er bestemt for alle dei tiltaka som er føreslått i sykkelveginspeksjonane frå dei fire vegavdelingane.


Vurdering

Vegtilsynet ser at Region nord har rutinar for å bestemme kva tiltak som skal gjennomførast og har dokumentert kva som er bestemt.

Etter det Vegtilsynet finn, kunne vegavdelingane hatt nytte av ein metode eller eit verktøy som ville gjort det enklare å sikre at tiltak med stor risikoreduserande effekt og lav kostnad blir prioritert. Dette ville vore til hjelp for å dokumentere dei vurderingane som er gjort i samband med prioriteringane.

Funn1 - observasjon
Vegavdelingane manglar metode/verktøy i prosessen med å velje og prioritere tiltak basert på kor alvorlege funna er og kva tiltaket kostar.


Tilsynskriterium 2: Prosjekteigar er ansvarleg for å følge opp gjennomføringa av tiltak5


Tilsynsbevis

Dei fire vegavdelingane har valt ulike måtar for å ivareta prosjekteigarrolla som følger opp gjennomføringa av tiltak. Ansvaret er delt i ansvar for å gjennomføre tiltaka og ansvar for oppfølging. Organiseringa i de fire vegavdelingane, for sykkelveginspeksjonane gjennomgått i denne tilsynssaka, går fram av tabell 3.

Tabell 3: Undersøkte sykkelveginspeksjonar

 

Inspeksjon

Ansvar for gjennomføring

Ansvar for oppfølging

Vegavdeling Nordland

E6 Hp8 Førnes
E6 Hp9 Sjånesheia
E12 Tverråga bru – x Brennåsvegen

Seksjonsleiar drift og vedlikehald

Seksjonsleiar plan og forvaltning

Vegavdeling Midtre Hålogaland

E10 Strandelva – Bogen skole
E6 Skjomnes - Håkvik

Byggeleiar vegseksjonen

Plan og forvaltning (sykkelkontakt)

E10 Hamnøy- og Fjøsdaltunnelen

Prosjektleiar vegseksjonen

Plan og forvaltning (sykkelkontakt)

Vegavdeling Troms

E6 Sørkjosen - Storslett

Kontrollingeniør investering

Seksjonsleiar investering

E6 Skibotn

Kontrollingeniør drift og vedlikehald

Seksjonsleiar

investering

Vegavdeling Finnmark

E75 Varanger nord

Seksjonsleiar prosjekt Vest-Finnmark

Seksjonsleiar prosjekt Vest-Finnmark

 

I vegavdelingane Finnmark og Nordland brukar dei prosjektbestilling for å bestille gjennomføring av tiltak.

I vegavdelingane Troms og Midtre Hålogaland, blir inspeksjonsrapporten og prioriteringslista sendt på e-post til utførande som får beskjed om å følge prioriteringslista fram til pengane er oppbrukt.

Region nord har utvikla ein eigen rutine  for oppfølging av inspeksjonsrapportar. Alle tiltak frå sykkelveginspeksjonane blir lagt inn i eit felles excel-ark kalla "Sykkelveginspeksjon 2014-2018". På slutten av året blir ein førespurnad sendt til prosjekteigar, som blir bedt om å svare på kva som er bestemt/gjennomført for kvart tiltak. Svaret blir skrevet som merknad i kvart T-ess ark. Deretter blir excel-arket "Sykkelveginspeksjon 2014-2018" oppdatert.

Regionen har lagt fram dokumentasjon på status for alle dei tiltaka som er føreslått i inspeksjonsrapportane.

Ingen funn
Tilsynskriteriet er oppfylt

 

Tilsynskriterium 3: Alle vedtekne tiltak skal gjennomførast6


Tilsynsbevis

Vegtilsynets gjennomgang av tiltaka etter sykkelveginspeksjonane viste følgande:

Tabell 4: Oversikt over utførte tiltak, august 2019

Sykkelveginspeksjon

(inspeksjonsår i parentes)

Totalt tal

 funn avdekka

Tal tiltak bestemt gjennomført

Tal tiltak utført

Vegavdeling
Nordland

E6, HP8 Førnes/HP9 Sjånesheia (2018)

6

4

2 (50%)

E12, Tverråga bru – x Brennåsvegen (2018)

12

5

5 (100%)

Vegavdeling
Midtre
Hålogaland

E10, Strandelva – Bogen skole (2014)

16

15

14 (93%)

E6, Skjomnes – Håkvik (2016)

5

5

5 (100%)

E10, Hamnøytunnelen og Fjøsdaltunnelen (2017)

10

9

7 (78%)

Vegavdeling
Troms

E6, Sørkjosen – Storslett (2014)

34*

25

25 (100%)

E6, Skibotn (2016)

7

4

4 (100%)

Vegavdeling
Finnmark

E75, Varanger nord (2015)

23

10

10 (100%)

* Det blei fylt ut 20 T-ess-skjema i inspeksjonen, men på nokre av skjemaa var det sett opp fleire funn. I tala i tabellen er dette rekna som enkeltfunn, slik at tala er høgare enn tal T-ess skjema. Eitt av de 34 funna falt bort pga. endring.


Vurdering

Vegtilsynet ser at i vegavdelingane Troms og Finnmark er alle dei vedtekne tiltaka gjennomført. Vegavdeling Nordland og vegavdeling Midtre Hålogaland har ikkje gjennomført alle vedtekne tiltak. Fem av totalt 77 tiltak står att. Tiltaka som står att er frå inspeksjonar gjennomført i 2014, 2017 og 2018. Vegtilsynet har ikkje fått opplysningar som tilseier at desse tre tiltaka er sett i gang, eller at det er bestemt at desse ikkje vil bli gjennomført.

Funn 2 - avvik
Vegavdeling Nordland og vegavdeling Midtre Hålogaland har ikkje gjennomført alle vedtekne tiltak.

5. Konklusjon

Undersøkinga har vist at Region nord stort sett etterlever dei krava Statens vegvesen har sett til oppfølging av funn avdekka gjennom sykkelveginspeksjonane. Region nord har etablert eit system som sikrar at det føreligg dokumentasjon på tiltak som er bestemt gjennomført og status for kvart enkelt av desse tiltaka. Gjennom dette systemet finst ei total oversikt for alle dei tiltaka som er føreslått i inspeksjonsrapporten etter sykkelveginspeksjonane.

Samtidig viste tilsynet at nokre av dei alvorlege funna ikkje er, eller vil bli, utbetra. Trafikksikkerheita på areal for syklistar er dermed ikkje fullt ut ivaretatt gjennom oppfølginga av sykkelveginspeksjonane.