Til hovedinnhold
21. august 2019 sak 2019-18

Tilstand på gang- og sykkelveg Statens vegvesen

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar oppfylling av krav til tilstand på gang- og sykkelveg. Tilsynet vart gjennomført i Region vest, driftsområde 1106 Haugesund i vegavdeling Rogaland.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.


Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg.

Vegtilsynet har inspisert alle gang- og sykkelvegar på riksvegane i driftsområdet til kontrakt 1106 Haugesund, for å undersøke etterleving av krav og av forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken.

Samla sett viste tilsynssaka at entreprenøren og byggherren har utført tal inspeksjonar/kontrollar i samsvar med krav, utan at dette har ført til at tilstanden på gang- og sykkelvegane var i samsvar med krav i kontrakten, på det tidspunktet Vegtilsynet utførte inspeksjon.
Vegtilsynet fann:

  • 118 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav
  • byggherren kan ikkje bekrefte om Vegtilsynets registreringar er avdekka gjennom entreprenøren sine inspeksjonar eller gjennom byggherren sine kontrollar, eller om registreringane låg som opne avvik på det tidspunktet Vegtilsynet gjennomførte inspeksjonane
  • Statens vegvesen har ikkje sikra at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav i driftskontrakt 1106 Haugesund

Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil bli følgd opp med Statens vegvesen.

1. Bakgrunn

Ulykkesrisikoen for syklistar, og alvorlegheitsgraden i ulykker, er høgare enn for dei fleste andre trafikantgrupper. Det er påvist stor underrapportering når det gjeld eineulykker med sykkel. Ifølge Transportøkonomisk institutt bidreg vegrelaterte feil til omtrent to tredjedelar av dødsulykkene med sykkel.1 

Tilstanden på gang- og sykkelvegar gjennom drift og vedlikehald, har mykje å seie for framkome og trafikksikkerheit heile året. Statens vegvesen har ansvaret for drifta og vedlikehaldet av vegnettet, og arbeidet vert utført av innleigde entreprenørar gjennom inngåtte driftskontraktar. Statens vegvesen har rolla som byggherre i driftskontrakten. Driftskontraktane er Statens vegvesen sin reiskap for å oppretthalda funksjonen og tilstanden på vegnettet. Ettersom sjølve driftsoppgåvene vert utført av entreprenør, er Statens vegvesen si oppfølging av driftskontraktane og kontroll med det utførte arbeidet av stor betyding. 

Med bakgrunn i dette gjennomfører Vegtilsynet i 2019 fleire tilsyn innan temaet drift og vedlikehald av gang- og sykkelvegar. 

Tilsynssaka vart gjennomført i Statens vegvesen, Region vest, vegavdeling Rogaland, kontraktområde 1106 Haugesund. Dette området omfattar om lag 31,5 kilometer gang- og sykkelveg langs riksveg (EG/GV134 og EG/GV39), og driftskontrakten gjeld frå 2013 til 2019.

2.    Mål

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg.

Avgrensing

Saka er i hovudsak avgrensa til å undersøke tilstand på gang- og sykkelveglangs riksveg,

Statens vegvesens oppfølging av gjennomføring av kontrakten, og oppnådd resultat ute på vegen.

3.    Gjennomføring og metode

Vegtilsynet sendte varsel om tilsyn 23. mai 2019.

Vegtilsynet inspiserte alle gang- og sykkelvegar på riksvegane i driftsområdet 6. og 7. mai 2019 . Under inspeksjonen vart det lagt vekt på å undersøke etterleving av krav og forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken.

Det vart gjennomført intervju med byggherre 24. juni 2019 for å undersøke nærare korleis avvik frå krav til tilstand og trafikkfarlege forhold på gang- og sykkelvegen knytt til drift og vedlikehald vert identifisert og handtert. I intervjuet vart Vegtilsynets registreringar etter inspeksjonen lagt fram.

Vegtilsynet har fått tilsendt utdrag av driftskontrakten, og har hatt lesartilgang i Statens vegvesens system for elektronisk rapportering og oppfølging av driftskontraktar (ELRAPP).

Tilsynspart har lagt forholda til rette for ei effektiv gjennomføring av tilsynet.

Utkast til rapport vart lagt fram for tilsynspart 10. juli 2019, med frist for å gi tilbakemelding på faktafeil.

4.    Tilsynsresultat

Symbol som er brukt for å illustrere tilsynsfunna i rapporten går fram av tabellen under.3

Avvik
Manglande samsvar med krav

Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hjå tilsynspart

Ingen funn
Tilsynskriteriet er oppfylt


Tilsynskriterium2 

Statens vegvesen skal sikre at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav.3 

Tilsynsbevis 1

Under inspeksjonen gjorde Vegtilsynet 118 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav: 


Tabell 1. Oversikt over registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav

2019-18 tabell 1
MERKNAD:
Kvar registrering er berre ført éin gong i tabellen sjølv om nokre av registreringane kunne vore ført under fleire krav. Nokre registreringane gjeld også for fleire objekt på éi strekning, men er ført éin gong i tabellen.


Utvalde bilde frå Vegtilsynets inspeksjon i driftskontrakt
1106 Haugesund:

2019-18 bilde 1
Bildet viser gang- og sykkelveg med dårleg sikt; ein kjetting og et tau på tvers av gang- og sykkelvegen; vegetasjon i vegens frie rom og vegetasjon på dekke. Denne er registrert som tilstand som ikkje var i samsvar med krav til Kap. 1.4 sikt.

 

2019-18 bilde 2
Bildet viser skader på rekkverk mot gang- og sykkelveg. Tilstand var ikkje i samsvar med krav til Kap. 5.15 Rekkverk.
 
2019-18 bilde 3
Bildet viser skada gjerde før undergang, der berre restane av innfestinga står igjen. Fall frå gang- og sykkelveg og ned i undergang er om lag to meter. Tilstand var ikkje  i samsvar med krav til Kap. 5.17 Gjerde.
 
2019-18 bilde 4
Bildet viser hol i dekke på gang- og sykkelvegen om lag 50 cm x 60 cm og 7 cm djupt. Tilstand var ikkje i samsvar med krav til kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og gang- og sykkelveg.
​​​​
2019-18 bilde 5
Bildet viser grus i kryss på gang- og sykkelveg. Tilstand var ikkje i samsvar med krav til reinhald i Kap. 8.2 Gang- og sykkelveg, sykkelveg med fortau, fortau, trapp og rampe.
 
2019-18 bilde 6
Bildet viser vegetasjon i gang- og sykkelvegens frie rom. Tilstand var ikkje i samsvar med krav til kap. 7.1 Naturlike areal.

 

Tilsynsbevis 2

Byggherren opplyser at entreprenøren har utført inspeksjonar av gang- og sykkelveg i samsvar med kontrakt og inspeksjonsplan. Det vert gjennomført generell inspeksjon kvar veke og enkel inspeksjon årleg. Desse inspeksjonane skal oppdage avvik frå krav til tilstand, registrere tilstand på vegnett og objekt, samt forhold som kan påverke trafikksikkerheit og framkome. Utførte inspeksjonar vert rapportert til byggherren, og det skal gå fram kva vegstrekning, dato og prosess som er inspisert og funne i orden. Det skal gå fram kva som skal skje med eventuelle avvik som ikkje er utbetra.

Byggherren har utført stikkprøvekontrollar, etterkontrollar og egendefinerte kontrollar for å følgje opp at tilstand på vegen er i samsvar krav. Frå oppstart av kontrakt i september 2013 og fram til tidspunktet for Vegtilsynets inspeksjon, var det planlagt 247 stikkprøvekontrollar på gang- og sykkelveg. Av desse er 245 gjennomført. Det er gjennomført 22 egendefinerte kontroller. Totalt har byggherren avdekka 98 avvik på gang- og sykkelveg på alle prosessar frå 01.09.2013 til 05.05.2019. Tre avvik har ført til sanksjonar, og tre avvik har ført til manglar utan trekk.

Byggherren opplyste at dei ikkje kunne bekrefte om Vegtilsynets registreringar er avdekka gjennom entreprenøren sine inspeksjonar eller gjennom byggherren sine kontrollar. Byggherren kan heller ikkje bekrefte om registreringane låg som opne avvik på det tidspunktet då Vegtilsynet gjennomførte inspeksjonane.

Vurdering

Vegtilsynets inspeksjon avdekka 118 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav. Vegtilsynet vurderer fleire av registreringane som trafikkfarlege, og dei kan medverke til at ulukker oppstår, eller at skadeomfanget aukar dersom ei ulukke fyrst oppstår. Sjølv om entreprenøren og byggherren har utført tal inspeksjonar/kontrollar i samsvar med krav, har ikkje dette har ført til at tilstanden på riks gang- og sykkelvegane var i samsvar med kontraktens krav på det tidspunktet Vegtilsynet utførte inspeksjon. 
 

Funn 1 - avvik
Statens vegvesen har ikkje sikra at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav i driftskontrakt 1106 Haugesund.

5. Konklusjon

Vegtilsynets vurdering er at kontrollomfanget hjå entreprenør og byggherre er tilstrekkeleg til å avdekke tilstand på gang- og sykkelveg. Kvaliteten på gjennomføringa og/eller oppfølginga har likevel ikkje vore tilstrekkeleg til å sikre samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg. Mange av registreringane gjort av Vegtilsynet har vore i strid med krav til tilstand over lengre tid. Det kan difor, med tanke på kontrollfrekvensen, stillast spørsmål ved kvifor desse tilhøva ikkje er utbetra tidlegare.


 

Vedlegg 1: Grunnlag for tilsynskriterium

Statens vegvesen «skal ha og bruke tilstrekkelege og effektive styringssystem for å sikre tryggleiken knytt til riksvegane», jf. Veglova § 11 b.  Med «effektive og tilstrekkelege styringssystem» er det meint system som er innretta slik at «pliktsubjektet oppnår effekt i form av å ta vare på tryggleiken i veginfrastrukturen der den er god og synleggjer kor tryggleiken i veginfrastrukturen kan forbetrast».4 

Statens vegvesens Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger set krav til funksjon og tilstand for objekt og krav til utføring av drift og vedlikehald. Kva standarden skal vere i dei ulike driftsområda kan i noko grad tilpassast lokale tilhøve og vert avtalefesta i kontrakten med entreprenør. Handboka er ei retningslinje i Statens vegvesens styringssystem og gjeld for all gang- og sykkelveg langs riksveg. Handboka er eit internt krav, men må reknast for å vere etablert standard og minimumskrav for å ivareta tryggleik i veginfrastrukturen ved drift og vedlikehald. Vegtilsynet har gjennom inspeksjon undersøkt etterleving av utvalde krav til tilstand i handboka:

 

2018-19 tabell 2

Statens vegvesen har utarbeidd eit system for å følgje opp og rapportere entreprenøren sine leveransar i driftskontraktar, System for oppfølging av driftskontrakter – SOPP.5 Systemet er beskrive i ein rapport som er ein del av Statens vegvesens styringssystem. Dette er interne krav som skal brukast ved oppfølging av alle driftskontraktar. Av systemet går det fram at Statens vegvesen med «tilstrekkeleg sikkerheit [skal] vite at bestilt arbeid, produkt og resultat er levert» og at Statens vegvesen skal kunne dokumentere at leveransen frå entreprenør er i samsvar med kontrakt, jf. Forord.


Vedlegg 2: Kartoversikt over registreringar

Kartutsnittet viser dei 118 registreringane innanfor driftskontrakt 1106 Haugesund:

2019-18kart