Til hovedinnhold
19. desember 2019 sak 2019-30

Tilstand på gang- og sykkelveg Statens vegvesen

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar oppfylling av krav til tilstand på gang- og sykkelveg. Tilsynet vart gjennomført i Region midt, driftsområde 1706 Stjørdal, i vegavdeling Trøndelag.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

 

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg.

Vegtilsynet har inspisert alle gang- og sykkelvegar på riksvegane i driftsområdet til kontrakt 1706 Stjørdal for å undersøke etterleving av krav og forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken.

Samla sett viste tilsynssaka at entreprenøren og byggherren har gjennomført   inspeksjonar og kontrollar, utan at dette har ført til at tilstanden på gang- og sykkelvegane var i samsvar med krav på det tidspunktet Vegtilsynet utførte inspeksjon.

Vegtilsynet fann:

  • 232 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav
  • Byggherren opplyste at avvik avdekka gjennom entreprenøren sine inspeksjonar eller gjennom byggherren sine kontrollar vert behandla fortløpande. Byggherre kan ikkje dokumentere om Vegtilsynets registreringar låg som opne avvik på det tidspunktet Vegtilsynet gjennomførte inspeksjonane
  • Statens vegvesen har ikkje sikra at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav i driftskontrakt 1706 Stjørdal

Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil verte følgd opp med Statens vegvesen.

1. Bakgrunn

Ulykkesrisikoen og alvorlegheitsgraden i ulykker er større for syklistar enn for dei fleste andre trafikantgrupper. Det er påvist stor underrapportering når det gjeld eineulykker med sykkel. Ifølge Transportøkonomisk institutt bidreg vegrelaterte feil til omtrent to tredjedelar av dødsulykkene med sykkel.1

Drift og vedlikehald av gang- og sykkelvegar, er sentralt når det gjeld framkome og trafikksikkerheit året rundt. Statens vegvesen har ansvaret for drifta og vedlikehaldet av vegnettet, og arbeidet vert utført av innleigde entreprenørar gjennom inngåtte driftskontraktar. Statens vegvesen har rolla som byggherre i driftskontrakten. Driftskontraktane er Statens vegvesens reiskap for å oppretthalda funksjonen og tilstanden på vegnettet. Ettersom sjølve driftsoppgåvene vert utført av entreprenørar, er Statens vegvesens oppfølging av driftskontraktane og kontroll med det utførte arbeidet av stor betyding.

Med bakgrunn i dette gjennomfører Vegtilsynet i 2019 fleire tilsyn innan temaet drift og vedlikehald av gang- og sykkelvegar.

Tilsynssaka vart gjennomført i Statens vegvesen, Region midt, vegavdeling Trøndelag, kontraktområde 1706 Stjørdal. Dette området omfattar om lag 24,6 kilometer gang- og sykkelveg langs riksveg (EG/GV6 og EG/GV14), og driftskontrakten gjeld frå 2014 til 2020.

2. Mål

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg.


Avgrensing

Saka er avgrensa til å undersøke tilstand på gang- og sykkelveg langs riksveg,  Statens vegvesens oppfølging av gjennomføring av kontrakten, og oppnådd resultat ute på vegen.

3. Gjennomføring og metode

Vegtilsynet sende varsel om tilsyn 30. september 2019.

Vegtilsynet inspiserte alle gang- og sykkelvegar på riksvegane i driftsområdet 10. og 11. september 2019. Under inspeksjonen vart det lagt vekt på å undersøke etterleving av krav og forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken.

Vegtilsynet har fått tilsendt utdrag av driftskontrakten og dokumentasjon henta frå ELRAPP (Statens vegvesens system for elektronisk rapportering og oppfølging av driftskontraktar).

Tilsynspart har lagt forholda til rette for ei effektiv gjennomføring av tilsynet.

4. Tilsynsresultat

Symbol som er brukt for å illustrere tilsynsfunna i rappor­ten går fram av tabellen under.

Avvik
Mangel på samsvar med krav

Observasjon
Forhold der en gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbedring hos tilsynspart

Ingen funn
Tilsynskriteriet er oppfylt


Tilsynskriterium2

Statens vegvesen skal sikre at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav.3


Tilsynsbevis 1

Under inspeksjonen gjorde Vegtilsynet 232 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav:

Tabell 1. Oversikt over registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav

Krav i Handbok R610

Tal ikkje i samsvar

Kap. 1.3 Inspeksjon *

2

Kap. 1.4 Sikt

2

Kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og gang- og sykkelveg

103

Kap. 2.7 Kantstein

4

Kap. 2.8 Avvannings- og dreneringssystem

12

Kap. 5.15 Rekkverk

2

Kap. 5.17 Gjerde

1

Kap. 7.1 Naturlike areal

7

Kap. 8.2 Gang- og sykkelveg, sykkelveg med fortau, fortau, trapp og rampe

99

Totalt

232

* Forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken, men som ikkje tydeleg kunne koplast direkte til eit krav til tilstand i handbok R610, sjå Vedlegg 1.


Eksempelbilder frå Vegtilsynets inspeksjon i driftskontrakt 1706 Stjørdal:

2019-30 bilde1.jpg
Bildet viser vegetasjon i siktsone på gang- og sykkelveg. Dette er registrert som tilstand som ikkje var i samsvar med krav til Kap. 1.4 Sikt.
2019-30 bilde2.jpg
Bildet viser grus på gang- og sykkelveg. Dette er registrert som tilstand som ikkje var i samsvar med krav til Kap. 8.2 (Renhold) Gang- og sykkelveg, sykkelveg med fortau, trapp og rampe.
2019-30 bilde3.jpg
Bildet viser torvkant langs gang- og sykkelveg. Dette er registrert som tilstand som ikkje var i samsvar med krav til Kap. 2.8 Avvannings- og dreneringssystem.
2019-30 bilde4.jpg
Bildet viser vegetasjon i vegens frie rom langs gang- og sykkelveg. Dette er registrert som tilstand som ikkje var i samsvar med krav til Kap. 7.1 Naturlike arealer
2019-30 bilde5.jpg
Bildet viser vegetasjon i vegens frie rom langs gang- og sykkelveg. Dette er registrert som tilstand som ikkje var i samsvar med krav til Kap. 7.1 Naturlike arealer
2019-30 bilde6.jpg
Bildet viser sprekker på gang- og sykkelveg. Dette er registrert som tilstand som ikkje var i samsvar med krav til Kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og gang- og sykkelveg
2019-30 bilde7.jpg
Bildet viser skada gjerde lands gang- og sykkelveg. Dette er registrert som tilstand som ikkje var i samsvar med krav til Kap. 5.17 Gjerde


Tilsynsbevis 2

Byggherren opplyser at entreprenøren har utført inspeksjonar av gang- og sykkelveg i samsvar med kontrakt og inspeksjonsplan. Det vert gjennomført generell inspeksjon kvar veke og enkel inspeksjon ein gang i året. Generell inspeksjon skal blant anna registrere generell tilstand på vegnett og objekt, samt forhold som kan påverke trafikksikkerheit og framkome. Enkel inspeksjon skal registrere tilstand, skader og forhold som kan påverke funksjon og sikkerheitsforhold, trafikksikkerheit, framkome, framtidig drift og vedlikehald, miljø, estetikk og universell utforming. Der inspeksjonane avdekker behov for gjennomføring av tiltak utan funksjonsansvar, skal behov rapporterast til byggherren.

Byggherren har utført stikkprøvekontrollar, etterkontrollar og egendefinerte kontrollar for å følgje opp at tilstand på vegen er i samsvar krav. Frå oppstart av kontrakt i september 2014 og fram til tidspunktet for Vegtilsynets inspeksjon, var det planlagt 269 stikkprøvekontrollar på gang- og sykkelveg. Av desse er 171 (64 prosent) gjennomført. Hittil i kontraktsperioden er det gjennomført fem eigendefinerte kontrollar. 171 stikkprøvekontrollar er registrert utan mangel, seks er registrert med manglar og fire er registrert med trekk.

Byggherren opplyste at avvik avdekka gjennom entreprenøren sine inspeksjonar eller gjennom byggherren sine kontrollar vert behandla fortløpande. Det er ikkje registrert nokon relevante R2-skjema på riks gang- og sykkelveg som er til behandling hjå byggherre.4 Utover dette kan ikkje byggherre dokumentere om Vegtilsynets registreringar låg som opne avvik på det tidspunktet Vegtilsynet gjennomførte inspeksjonane.

 

Vurdering

Vegtilsynets inspeksjon avdekka 232 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav. Vegtilsynet vurderer fleire av registreringane som trafikkfarlege. Dei kan medverke til at ulukker oppstår eller til at skadeomfanget aukar dersom ei ulukke fyrst oppstår. Sjølv om entreprenøren har utført tal inspeksjonar i samsvar med krav og byggherren har utført 64 prosent av dei planlagde kontrollane, har ikkje dette ført til at tilstanden på riks gang- og sykkelvegane var i samsvar med krav på det tidspunktet Vegtilsynet utførte inspeksjon.

Funn 1 - avvik
Statens vegvesen har ikkje sikra at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav i driftskontrakt 1706 Stjørdal.

5. Konklusjon

Vegtilsynets vurdering er at kontrollomfanget hjå entreprenør og byggherre i utgangspunktet skulle vore tilstrekkeleg til å avdekke tilstand på gang- og sykkelveg. Undersøkinga har likevel vist at kvaliteten på gjennomføringa og/eller oppfølginga ikkje har vore tilstrekkeleg til å sikre samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg. Mange av registreringane gjort av Vegtilsynet har vore i strid med krav til tilstand over lengre tid.

 

Vedlegg 1: Grunnlag for tilsynskriterium

Statens vegvesen «skal ha og bruke tilstrekkelege og effektive styringssystem for å sikre tryggleiken knytt til riksvegane», jf. Veglova § 11 b.  Med «effektive og tilstrekkelege styringssystem» er det meint system som er innretta slik at «pliktsubjektet oppnår effekt i form av å ta vare på tryggleiken i veginfrastrukturen der den er god og synleggjer kor tryggleiken i veginfrastrukturen kan forbetrast».5

Statens vegvesens Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger set krav til funksjon og tilstand for objekt, og krav til utføring av drift og vedlikehald. Kva standarden skal vere i dei ulike driftsområda kan i noko grad tilpassast lokale tilhøve og vert avtalefesta i kontrakten med entreprenør. Handboka er ei retningslinje i Statens vegvesens styringssystem og gjeld for all gang- og sykkelveg langs riksveg. Handboka er eit internt krav, men må reknast for å vere etablert standard og minimumskrav for å ivareta tryggleik i veginfrastrukturen ved drift og vedlikehald. Vegtilsynet har gjennom inspeksjon undersøkt etterleving av utvalde krav til tilstand i handboka:

Kapittel

Underkapittel

Kap. 1 Felleskrav

Kap. 1.3 Inspeksjon *

Kap. 1.4 Sikt

Kap 2 Vegbane og sideområde

Kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og gang- og sykkelveg

Kap. 2.7 Kantstein

Kap. 2.8 Avvannings- og dreneringssystem

Kap. 2.10 Sideområde

Kap. 5 Vegutstyr

kap. 5.4 Vegoppmerking

Kap. 5.8 Bom

Kap. 5.14 Vegbelysning

Kap. 5.15 Rekkverk

Kap. 5.17 Gjerde

Kap.7 Vegetasjonsskjøtsel

Kap. 7.1 Naturlike arealer

Kap. 7.7 Trær

Kap. 8 Reinhald av vegområde

Kap. 8.2 Gang- og sykkelveg, sykkelveg med fortau, fortau, trapp og rampe

MERKNAD

* Kap. 1.3 Inspeksjon set krav til gjennomføring av inspeksjonar for å «Registrere tilstand, skader og forhold som kan påvirke funksjon og sikkerhetsforhold, trafikksikkerhet […]».  Forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken og som ikkje tydeleg kunne koplast direkte mot eit krav til tilstand i Handbok R610, er difor registrert under kap 1.3 Inspeksjon då Vegtilsynet meiner desse forholda skulle vore fanga opp og ivaretatt gjennom slike inspeksjonar.

Statens vegvesen har utarbeidd eit system for å følgje opp og rapportere entreprenøren sine leveransar i driftskontraktar, System for oppfølging av driftskontrakter – SOPP.6 Systemet er beskrive i ein rapport som er ein del av Statens vegvesens styringssystem. Dette er interne krav som skal brukast ved oppfølging av alle driftskontraktar. Av systemet går det fram at Statens vegvesen med «tilstrekkeleg sikkerheit [skal] vite at bestilt arbeid, produkt og resultat er levert» og at Statens vegvesen skal kunne dokumentere at leveransen frå entreprenør er i samsvar med kontrakt, jf. Forord.


Vedlegg 2: Kartoversikt over registreringar

Kartutsnittet viser dei 232 registreringane innanfor driftskontrakt 1706 Stjørdal:

2019-30 kart.jpg