Om rapporten
Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar å ivareta trafikksikkerheit på omkøyringsruter, ved å ha oppdaterte trafikkberedskapsplanar og å gjennomføre øvingar.
Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.
Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avvika vil verte
handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring.
På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller
lukking av avvik.
Samandrag
Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen har oppdaterte trafikkberedskapsplanar, og gjennomfører øvingar, for å sikre at trafikksikkerheita på omkøyringsruter vert ivareteke.
Samla sett viste tilsynssaka at øvingar, som er eit viktig element i trafikkberedskapen, ikkje har vorte prioritert av Statens vegvesen i 2020. I hovudsak er dette grunna kapasitet ved omorganisering og korona-pandemien, men det ikkje er søkt om fråvik for unntak av øvingar.
Vegtilsynet meiner at øvingar med gode evalueringar vil gi verdifulle innspel til beredskapsplanane når desse skal reviderast, noko som er spesielt viktig når ein har gjennomført organisatoriske endringar. Øvingar er også viktige for at nye entreprenørar og nytt byggherrepersonell skal kunne gjere seg kjent med vegane og beredskapsplanane som skal nyttast, for å sikre trygg og effektiv trafikkhandtering.
Det har kome fram at R611 Trafikkberedskap kan tolkast ulikt for når trafikkberedskapsplanane skal reviderast. Dette bør tydeleggjerast slik at det ikkje kan mistydast og handboka vert eintydig.
Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil bli følgt opp med Statens vegvesen. Vegtilsynet fann at:
- for kontraktar for drift av veg som hadde oppstart i 2019, og som fekk ny entreprenør, har Statens vegvesen ikkje gjennomført trafikkberedskapsøving innan eitt år etter oppstart av kontrakt
I tillegg er det gjort to observasjonar. Vegtilsynet fann at Statens vegvesen:
- kan tydeleggjera når revidering av trafikkberedskapsplanar i handbok R611 Trafikkberedskap kap. 3.1 skal gjennomførast
- bør etablera rutinar som sikrar at den delen av øvinga som gjeld trafikkberedskap vert gjennomført og evaluert med same kvalitet som om det var ei sjølvstendig øving, dersom den vert kombinert med andre øvingar
Denne rapporten er ein av fleire under temaet beredskap.