Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Avbøtande tiltak på smal firefelts motorveg

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Nye Veier AS. Tilsynssaka omhandlar avbøtande tiltak på smal firefelts motorveg.

Sammendrag

Som følgje av Sikkerhetstilråding Vei nr. 2022/17T frå Statens Havarikommisjon (SHK) retta mot Vegtilsynet, er det gjennomført tilsyn der formålet har vore å arbeide for at ulykkesfrekvens og skadeomfang ikkje aukar på planlagde smale firefelts motorvegar, jf. krav i vegnormal N100 Veg- og gateutforming. Vegtilsynet svarar ut sikkerhetstilrådinga med å gjennomføre to tilsynssaker: ei med Nye Veier AS som tilsynspart (sak 2023-06 Avbøtande tiltak på smal firefelts motorveg) og ei med Statens vegvesen som tilsynspart (sak 2023-08 Avbøtande tiltak på smal firefelts motorveg).

Målet med tilsynet i denne saka har vore å undersøke om styringssystemet til Nye Veier AS sikrar samsvar medkrav til bruk av avbøtande tiltak ved reduksjon av skulderbreidde for dimensjoneringsklasse H3 i vegnormal N100 Veg- og gateutforming.

Undersøkinga har vist at det ikkje er felles forståing av i kva grad Nye Veier AS sitt styringssystem sikrar etterleving av det eksterne kravet. Av kravet går det fram at det skal gjerast prosjektspesifikke vurderingar av val av tiltak og den risikoreduserande effekten for kvart vegprosjekt. Nye Veier AS har gjort vurderingar og tatt avgjerd om val av tiltak for alle prosjekt på selskapsnivå.

Vidare registrerer Vegtilsynet, basert på avklaringar knytt til regelverket og informasjon formidla frå Nye Veier AS, at det er ulike faglege vurderingar knytt til kva type regulering som vil gje mest tilfredsstillande og einskaplegkvalitet på vegnettet for å sikre eit effektivt og trafikksikkert vegnett.

Vegtilsynet skal i vår aktivitet fokusere på målet om betre trafikktryggleik. Ut frå ei samla vurdering har Vegtilsynet i denne saka ikkje sett det som føremålstenleg å gjere ei endeleg vurdering av om styringssystemet er innretta slik at det sikrar etterleving av det eksterne kravet. Rapporten inneheld difor ikkje funn.

Myndighet og regelverk i Vegdirektoratet fastset og forvaltar vegnormalane, og har eit ansvar for å sikre forståing av krav i vegnormalane. Vegtilsynet vil difor, som oppfølging av saka, be Nye Veier AS om å kontakta Myndighet og regelverk for å gå i dialog om forståing og etterleving av det aktuelle kravet i vegnormal N100 Veg- og gateutforming. Vegtilsynet vil også be om å bli informert om resultatet av dialogen.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Ingen funn