Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Trafikksikkerheitsgjennomgang i utbyggingsfasen

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn retta mot Statens vegvesen Region øst. Tilsynssaka omhandlar bruk av trafikksikkerheitsgjennomgang i utbyggingsfasen.

Samandrag

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn. Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet gjeve to tilrådingar.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen Region øst kan ikkje dokumentere at kvalitetsplan vert utarbeidd for alle utbyggingsprosjekt.
Funn 2 - Avvik
Statens vegvesen Region øst kan ikkje dokumentere at kontrollplan vert utarbeidd for alle utbyggingsprosjekt.
Funn 3 - Avvik
Statens vegvesen Region øst kan ikkje dokumentere at overleveringsprotokollar vert utarbeidd og vedlagt ved overlevering for alle utbyggingsprosjekt.
Funn 4 - Avvik
Statens vegvesen Region øst kan ikkje dokumentere at avklarande dokumentasjon vedkommande trafikksikkerheitsgjennomgang vert vedlagt ved overlevering for alle utbyggingsprosjekt.
Funn 5 - Observasjon
Det prosessorienterte kvalitetssystemet vert i liten grad brukt som grunnlag for finne prosedyrar for korleis utbyggingsprosjekt skal gjennomførast
Funn 6 - Observasjon
Handbok 151, som er eit internt krav for gjennomføring av utbyggingsprosjekt, er ikkje godt nok tilpassa små prosjekt (under 25 millionar kroner).
Funn 7 - Observasjon
Rutinane for identifisering av sikkerheitskritiske avvik og farlege forhold før overlevering er mangelfull.
Funn 8 - Observasjon
Rutinane ved overlevering sikrar ikkje at eventuelle feil og/eller manglar vert dokumentert og følgt opp.