Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Oppfølging driftskontraktar for vinterdrift

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn retta mot Statens vegvesen, Region vest. Tilsynssaka omhandlar oppfølging av driftskontraktar for vinterdrift. Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn. Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet kome med fire tilrådingar.

Samandrag

Tilsynssaka omhandlar Statens vegvesen si Oppfølging av driftskontraktar ved vinterdrift, og tek utgangspunkt i to driftskontraktar i Statens vegvesen, Region vest.

Målet for tilsynssaka er å undersøke i kva grad styring av driftskontraktar for vinterdrift er i samsvar med krav. Driftskontraktane inneheld mange krav til entreprenør for å sikre at Statens vegvesen får bestilt kvalitet på drifta.

Det er for det fyrste sett krav til administrasjon og styring av kontrakten. Entreprenøren skal gjennom sitt kvalitetssystem og sine planar dokumentere at han har forstått leveransen og syne korleis kontrakten skal gjennomførast. Det er for det andre sett krav til korleis drifta skal utførast og til standard på vegnettet. Entreprenøren skal kontrollere vegnettet og dokumentere for byggherren at desse krava er oppfylt. Statens vegvesens system for oppfølging av driftskontraktane består av fleire ledd. Statens vegvesen skal utarbeide eigne planar for oppfølging og kontroll. Vidare skal Statens vegvesen kontrollere entreprenøren sitt system og sine planar, og gjennomføre kontroll med entreprenørens arbeid og tilstanden på vegen gjennom stikkprøvekontrollar. Systemet for oppfølging av driftskontraktar er utarbeidd for å sikre at sluttproduktet, tilstanden på vegen, skal ha god kvalitet. Kvaliteten på vinterdrifta påverkar i stor grad trafikksikkerheita på vegane.

I tilsynssaka er det funne fire avvik og gjort sju observasjonar ved regionen si oppfølging av driftskontraktar. Tilsynsfunna viser svakheiter ved alle ledda i systemet for oppfølging av driftskontraktar. Det betyr at Statens vegvesen, Region vest ikkje har all den informasjonen dei treng for å styre oppfølginga av driftskontraktane, og at oppfølginga ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar at byggherren får det han har bestilt.

Basert på tilsynsfunna kjem Vegtilsynet med fire tilrådingar. Tilsynspart skal innan ein fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verta handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen Region vest kan ikkje dokumentere at byggherrens kvalitetsplan er utvikla og arbeidd med i driftsfasen.
Funn 2 - Avvik
Statens vegvesen Region vest kan ikkje dokumentere at entreprenør har utarbeidd kvalitetsplan som er i samsvar med krav i kontrakten.
Funn 3 - Avvik
Statens vegvesen Region vest kan ikkje dokumentere ein gjennomgang av entreprenøren sine planar og at det er gitt tilbakemelding på innhaldet til entreprenør.
Funn 4 - Avvik
Statens vegvesen Region vest kan ikkje dokumentere at det er mottatt stadfesting frå uavhengig revisor på at planane til entreprenør tilfredsstiller krav i kontrakten.
Funn 5 - Observasjon
Det er for kontrakt 1401 Indre Sogn ikkje etablert ei samla, systematisert og oppdatert oversikt over dokumentasjon på kompetanse og gjennomførte opplæringsaktivitetar hos entreprenør.
Funn 6 - Observasjon
Det er usikkerheit rundt korleis delar av innhaldet i kontrakten skal forståast, og det vert difor uklart korleis kontrakten skal følgjast opp.
Funn 7 - Observasjon
Statens vegvesen Region vest sine kontrollar av resultat av arbeid og tilstand på vegen er ikkje tilstrekkeleg målretta.
Funn 8 - Observasjon
Statens vegvesen Region vest mottar ikkje rapportering av tilstand på veg frå entreprenør som er i samsvar med krav i kontraktane 1206 Voss og 1401 Indre Sogn.
Funn 9 - Observasjon
Det er svakheiter ved styringa av dokumentasjon for begge kontraktane.
Funn 10 - Observasjon
Den gjensidige evalueringa for kontrakten 1401 Indre Sogn vert ikkje gjennomført på ein måte som sikrar at formålet med evalueringa vert nådd.
Funn 11 - Observasjon
Det prosessorienterte kvalitetssystemet vert i liten grad brukt som grunnlag for å finne prosedyrar for korleis driftsprosjekt skal gjennomførast og tilhøyrande dokument og malar