Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Ivaretaking av mjuke trafikantar i reguleringsplanfasen

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn retta mot Statens vegvesen Region midt. Tilsynssaka omhandlar ivaretaking av mjuke trafikantar i reguleringsplanfasen. Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn. Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet kome med tre tilrådingar.

Samandrag

Tilsynssaka omhandlar korleis Statens vegvesen tek i vare mjuke trafikantar i reguleringsplanfasen, og gjeld i hovudsak løysingar for syklande. Saka er avgrensa til 13 prosjekt på riksveg i Statens vegvesen, region midt. Det er gjennomført intervju for tre av desse prosjekta.

Det er eit mål i Nasjonal Transportplan at talet på sykkelreiser skal doblast dei komande åra, og at dette skal skje utan at talet på drepne og hardt skadde syklistar aukar. Samstundes viser statistikk at talet på ulykker per køyrde kilometer for syklande er større enn per køyrde kilometer i bil.

Kvalitet i veginfrastrukturen kan være eit viktig bidrag til å auke sikkerheitsnivået for syklistar og andre mjuke trafikantar. For nye vegprosjekt meiner Vegtilsynet at dette inneber at omsynet til trafikksikkerheit for syklistar må handterast allereie i reguleringsplanfasen.

I denne tilsynssaka har Vegtilsynet sett på reguleringsplanfasen, og korleis prosjektleiar og prosjekteigar har nytta styrande dokument som prosjektbestilling, prosjektstyrings- og kvalitetsplan som verkty for å kvalitetssikra planprosessen, og samstundes dokumentera dei val som vert gjort. I tillegg har Vegtilsynet sett på i kva grad det er vurdert risiko, involvert sykkelkompetanse og om trafikksikkerheitsgjennomgang av reguleringsplan er utført.

Tilsynet har vist at for nokre av prosjekta er det manglar med dei styrande dokumenta både med omsyn til kvalitet og innhald. Nokre av prosjekta manglar også sentrale styrande dokument. Det kom i tillegg fram at tilsynspart i liten grad kan dokumentere dei risikovurderingar som ligg grunn for val av løysingar for syklande, og at trafikksikkerheitsgjennomgang er mangelfull. Det betyr at deler av prosessane ikkje er mogeleg å etterprøve, noko som kan medføre at dei løysingar som vert planlagt for syklande ikkje er trafikksikre.

I tilsynssaka er det funne fire avvik og gjort fire observasjonar. Tilsynsfunna viser svakheiter med styring og oppfølging frå både prosjekteigar og prosjektleiar i reguleringsplanfasen, og kan ha som konsekvens at sluttproduktet, som her er vedtatt reguleringsplan, ikkje har fått rett kvalitet for syklande med tanke på trafikksikkerheit.

Basert på tilsynsfunna kjem Vegtilsynet med tre tilrådingar. Tilsynspart skal innan ein fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verta handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen, region midt kan ikkje dokumentere at alle styrande dokument er utarbeidd i samsvar med krav for prosjekt i reguleringsplanfasen.
Funn 2 - Avvik
Statens vegvesen, region midt kan ikkje dokumentere at kvalitetsplan er utvikla og arbeidd med gjennom reguleringsplanfasen.
Funn 3 - Avvik
Statens vegvesen, region midt har ikkje søkt fråvik frå krav om å utarbeide styrande dokument i samsvar med handbok 151.
Funn 4 - Avvik
Statens vegvesen, region midt kan ikkje dokumentere at det er utført trafikksikkerheitsrevisjon i samband med planlegging av vegprosjekt på TENT-vegnettet i samsvar med krav.
Funn 5 - Observasjon
Statens vegvesen, region midt kan i liten grad dokumentere kva vurderingar som ligg til grunn for val av trafikksikre løysingar for syklistar i reguleringsplanfasen.
Funn 6 - Observasjon
For fleire av prosjekta manglar det trafikksikkerheitsgjennomgang i reguleringsplanfasen.
Funn 7 - Observasjon
Det er svakheiter ved styringa av dokumentasjon for dei utvalde prosjekta.
Funn 8 - Observasjon
Vegsikkerheitsforskrifta er ikkje tydeleg implementert i Statens vegvesen, region midt.