Om rapporten
Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region nord. Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn. Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet kome med to tilrådingar
Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region nord. Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn. Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet kome med to tilrådingar
Tilsynssaka omhandlar korleis Statens vegvesen, Region nord identifiserer og vurderer risiko for vêrrelaterte hendingar i veginfrastrukturen ved planlegging av vegprosjekt. Saka er avgrensa til utvalde prosjekt i Nordland fylke, og det er gjennomført dokumentgjennomgang og intervju med bakgrunn i desse prosjekta.
Dei globale klimaendringane vil i framtida kunne føre til at me opplever auka frekvens av ekstreme vêrhendingar. Fare for vêrrelaterte hendingar som ras og flaum kan auke som følgje av klimaendringane, og område som i dag blir sett på som trygge kan få ein heilt annan risiko. Dette fører til utfordringar for Statens vegvesen, som skal avgrense risikoen for øydeleggingar i veginfrastrukturen som påverkar trafikksikkerheita.
I Handlingsprogrammet 2010-2013, som er Statens vegvesens gjennomføringsplan for Nasjonal transportplan, står det: «Fokus på klimaendringer må ivaretas allerede i planleggingsfasen av nye prosjekter, og det skal inngå i enhver risiko- og sårbarhetsanalyse.»
I denne tilsynssaka har Vegtilsynet sett på om Region nord har eit effektivt system for å identifisere og vurdere risiko i reguleringsplanfasen, og om dette vert følgd i praksis.
Tilsynet har vist at det er gitt overordna krav og lagt føringar for at det skal gjennomførast risiko- og sårbarheitsanalysar i reguleringsplanfasen, men at desse ikkje sikrar eins metodisk tilnærming. Tilsynet har vidare vist at det manglar føringar som sikrar at risiko for vêrrelaterte hendingar vert identifisert og vurdert i ROS-analysane, og at det manglar føringar om korleis omsyn til framtidige klimautfordringar skal takast inn i vurderingane.
Tilsynet har òg vist at Statens vegvesen, Region nord berre i liten grad utarbeider og nyttar styrande dokument som verktøy for å sikre kvalitet i reguleringsplanfasen i samsvar med intensjonen i Håndbok R760 Styring av vegprosjekter. Styrande dokument er i stor grad erstatta av dialog mellom partar i reguleringsplanarbeidet, utan at denne dialogen vert dokumentert.
Tilsynet har vidare vist at det er stor variasjon i metodisk tilnærming når det gjeld gjennomføringa av ROS-analysar, og det manglar eintydig og felles forståing av kva krav som er sett til dette arbeidet. Det mangla dokumentasjon som synleggjorde kva vurderingar som låg til grunn for samandraget av ROS-analysen i planbeskrivinga. Vurdering av klimaendringar og korleis dette påverkar risiko for vêrrelaterte hendingar, slik som beskrive i VD rapport nr. 29, var i liten grad dokumentert for prosjekta.
I tilsynssaka er det avdekka eitt avvik og gjort sju observasjonar.
Basert på tilsynsfunna, kjem Vegtilsynet med to tilrådingar. Tilsynspart skal innan ein fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verta handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak.
Problemstilling 1: Har Region nord eit effektivt system for å identifisere og vurdere risiko?
Det er avdekka to tilsynsfunn til denne problemstillinga. Funna er kategorisert som to observasjonar.
Problemstilling 2: Vert krav som gjeld gjennomføring av ROS-analyse i reguleringsplanfasen følgd i praksis?
Det er avdekka fire tilsynsfunn knytt til denne problemstillinga. Funna er kategorisert som eitt avvik og tre observasjonar.