Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Vegsikkerhetsforskrift og tunnelsikkerhetsforskrift

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsynsmøtet om implementering av vegsikkerheitsforskrifta og tunnelsikkerheitsforskrifta.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet. Vegtilsynet har gjeve tre tilrådingar.

Samandrag

Vegsikkerheitsforskrifta og tunnelsikkerheitsforskrifta gjennomfører to EU-direktiv i norsk lovgiving. Forskriftene set, på ulikt vis og med ulikt verkeområde, krav til korleis sikkerheita i vegnettet skal oppretthaldast og forbetrast av Statens vegvesen. Dei to forskriftene er difor sentrale i Statens vegvesen og Vegtilsynet sitt arbeid. I tidlegare tilsyn har Vegtilsynet sett at det er lite kunnskap i regionane i Statens vegvesen om vegsikkerheitsforskrifta, og at den vert oppfatta som uklar.

Vegtilsynet ynskte på denne bakgrunn å føre tilsyn med i kva grad krava i forskriftene er implementert i Statens vegvesen sitt styringssystem og korleis dei vert følgt opp. Ein viktig del av saka var å få avklart korleis Statens vegvesen meiner forskriftene skal tolkast og praktiserast og om dette er tydeleggjort i styringssystemet. Avklaringar gjennom tilsynet vil kunne danne grunnlag for framtidige tilsynssaker der forskriftene er tenkt brukt som tilsynskriterium

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Tilråding 2014-01 nr. 1
Funn 1 - Observasjon
Vegtilsynet tilrår at Vegdirektoratet ved Veg- og transportavdelingen gjennomfører tiltak for å sikre at forskrifta blir tydeleggjort i styringssystemet.
Tilråding 2014-01 nr. 2
Funn 2 - Observasjon
Vegtilsynet tilrår at Vegdirektoratet ved Veg- og transportavdelingen gjennomfører tiltak for å sikre at regionane forstår og etterlever krava i vegsikkerheitsforskrifta