Om rapporten
Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region vest.
Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.
Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet gjeve tre tilrådingar.
Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region vest.
Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.
Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet gjeve tre tilrådingar.
Ifølge Nasjonal transportplan for 2014-2023 inneber nullvisjonen «at vegsystemet må utformes slik at det fremmer riktig atferd og i størst mulig grad hindrer at menneskelige feilhandlinger får alvorlige konsekvenser.» Sett i lys av nullvisjonen er det difor viktig at arbeidsvarsling er logisk og lettlest for trafikanten for å førebygge uønska hendingar og minimere konsekvensane ved feilhandlingar.
I Nasjonal transportplan for 2014– 2023 er rammene til vegformål auka i høve til 2013. Dette vil bety større utbyggingsaktivitet og auka satsing på drift og vedlikehald. Det fører naturleg nok til auka aktivitet og arbeid på og langs vegane.
Ulykkesanalysar og rapportar om feil og manglar knytt til arbeidsvarsling, gjer at Vegtilsynet vil sjå nærare på om Statens vegvesen handterer oppgåver knytt til arbeidsvarsling i samsvar med krav.
Tilsynssaka omhandlar korleis Statens vegvesen, Region vest handterer arbeidsvarsling. Vegtilsynet har sett på i kva grad Statens vegvesen, Region vest godkjenner arbeidsvarslingsplanar i samsvar med krav. Vidare har Vegtilsynet sett på i kva grad kontroll og oppfølging av arbeidsvarsling vert gjort i samsvar med krav.
Det er gjennomført synfaring, dokumentgjennomgang og intervju.
Tilsynet har vist at Statens vegvesen, Region vest følger krava som er sett til godkjenning av arbeidsvarslingsplanar, men at krava blir opplevd som utydelege. Dette medfører at sakshandsaminga ved godkjenning av arbeidsvarslingsplanar blir for personavhengig, og at planar kan bli handsama ulikt.
Tilsynet har vidare vist at Statens vegvesen, Region vest ikkje har utarbeidd skriftelege prosedyrar for kontroll og oppfølging av arbeidsvarsling utover krava i Håndbok N301 Arbeid på og ved veg. Dette har til dømes medført at det er skilnad på kriterium for utval av arbeidsvarslingsplanar for kontroll.
Vidare har tilsynet vist at det ikkje vert utarbeidd kontrollplanar, og innhenta data tyder på at tal gjennomførte kontrollar ikkje er i samsvar med overordna krav og føringar. Det er òg avdekka at avvik som er merka som lukka i kontrollrapport etter kontroll, ikkje var utbetra på arbeidsområdet. I tilsynssaka er det gjort sju observasjonar.
På bakgrunn av tilsynsfunna, kjem Vegtilsynet med tre tilrådingar. Tilsynspart skal innan ein fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verta handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak.