Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Avviks- og fråviksbehandling i reguleringsplanfasen

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region midt. Tilsynssaka omhandlar avviks- og fråviksbehandling i reguleringsplanfasen.
Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn. Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet gjeve ei tilråding.

Tilsynspart skal innan ein fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådinga vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak.

Samandrag

Tilsynssaka tek føre seg korleis Statens vegvesen, Region midt, sikrar kvalitet i reguleringsplanar og gjennom dette arbeidet hindrar at planane vert vedtekne med avvik som ikkje er handtert gjennom anten å rette dei opp, eller ved søknad om fråvik.

Slik systemet for utarbeiding av planforslag er gjeve i Statens vegvesen sin prosess, skal ulike barriererar hindre at avvik oppstår både i reguleringsfasen og seinare i byggefasen. Barrierane skal fastsetjast i styrande dokument. Slike barrierar vil til dømes vere planmøter, kontrollar og trafikksikkerheitsrevisjon av planar før dei vert vedtatt.

Tilsynet rettar seg mot Region midt, og omfattar reguleringsplanar på riksveg vedteke i perioden frå 01.01.2011 til 01.06.2014. Tilsynssaka vart gjennomført som ein revisjon og omfatta dokumentgjennomgang og intervju.
Tilsynet har vist at tilsynspart i stor grad utarbeidar styrande dokument. Det går likevel ikkje alltid fram av kvalitetsplanane kva revisjonar og analyser som skal utførast.

Når det gjaldt trafikksikkerheitsrevisjonar så var dette berre gjennomført på tre av ni reguleringsplanar i tråd med krava.
Tilsynet har vist at ikkje alle avvik frå krav i normalar vert behandla. Dette gjeld to avvik fordelt på to ulike prosjekt. Konsekvensane av at krav i normalane ikkje vert følgt, kan vere at trafikkfarlege tilhøve vert bygd inn i vegnettet.

Vegtilsynet konkluderer med at Region midt ikkje sikrar at alle avvik vert avdekka, men at prosessen for fråviksøknad vert følgd.

Basert på tilsynsfunna kjem Vegtilsynet med ei tilråding. Tilsynspart skal innan ein frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av tiltak.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Problemstilling 1: I kva grad vert styrande dokument nytta for å sikre kvalitet i planforslag?
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen, Region midt har ikkje utarbeidd styrande dokument i samsvar med krav.
Funn 2 - Avvik
Det går ikkje fram av alle prosjektstyringsplanar og kvalitetsplanar at det skal gjennomførast trafikksikkerheitsrevisjonar på vegprosjekt som er omfatta av vegsikkerheitsforskrifta.
Problemstilling 2: I kva grad vert det gjennomført trafikksikkerheitsrevisjonar for å sikre kvalitet i planforslag?
Funn 3 - Avvik
Statens vegvesen, Region midt har ikkje gjennomført trafikksikkerheitsrevisjonar i alle vegprosjekta i samsvar med krav i vegsikkerheitsforskrifta.
Funn 4 - Avvik
Statens vegvesen, Region midt har ikkje gjennomført trafikksikkerheitsrevisjonar i alle vegprosjekta i samsvar med det som er sett opp i dei styrande dokumenta.
Problemstilling 3: I kva grad vert eventuelle avvik frå krav i normalar behandla?
Funn 5 - Avvik
Statens vegvesen, Region midt har ikkje behandla alle avvik frå krav i normalar.