Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Teknisk kvalitet i utbyggingsprosjekt

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region øst. Tilsynssaka omhandlar teknisk kvalitet i utbyggingsprosjekt.
Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn. Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet gjeve tre tilrådingar.

Tilsynspart skal innan ein fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådinga vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak.

Samandrag

At veginfrastrukturen vert bygd med rett kvalitet er viktig for å hindre trafikkfarlige forhold, og for at vegnettet skal ha levetid som føresett. Statens vegvesen, som byggherre, har saman med entreprenør ansvar for at utbyggingsprosjekt er utført med den kvalitet som er beskrive i kontrakten. Byggherren er ansvarleg for å følgje opp at entreprenøren leverer det som er bestilt til riktig tid, pris og kvalitet.

Vegtilsynet har gjennomført ei tilsynssak som gjeld teknisk kvalitet i utbyggingsprosjekt med særleg fokus på planlegging og gjennomføring av byggherrens kontroll. Tilsynspart er Statens vegvesen, Region øst.

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region øst sikrar teknisk kvalitet i vegfundament og vegdekke i utbyggingsprosjekt. Tilsynssaka har teke føre seg to problemstillingar:

For det første ville Vegtilsynet undersøke om Statens vegvesen, Region øst sikrar at byggherrens kontroll av teknisk kvalitet vert planlagt i samsvar med krav. Gjennom denne problemstillinga vart det sett på om organisering av utbyggingsprosjekt, om utarbeiding av prosjektstyringsdokument og kartlegging av kritiske prosessar vert gjennomført i samsvar med krav.

For det andre ville Vegtilsynet undersøke om Statens vegvesen, Region øst sikrar at byggherrens kontroll av teknisk kvalitet vert gjennomført i samsvar med krav. Det vart undersøkt om kvalitetsplan og kontrollplan vert utarbeidd, og om stikkprøvekontrollar vert gjennomført i samsvar med krav.

Tilsynet har vist at gjennomgang og felles forståing av korleis ein skal sikre teknisk kvalitet i prosjektet er lite vektlagt i samhandlingsprosessen. Forhold ved entreprenørens kvalitetsplan og prosedyrar for kvalitetssikring dannar grunnlag for kva prosessar som er kritiske når det gjeld teknisk kvalitet, og som bør vektleggast og prioriterast i byggherrens kontrollplan. Mangelfull gjennomgang av dette i samhandlingsprosessen kan føre til at kontrollane ikkje omfattar alle kritiske arbeidsoperasjonar slik at bestilt kvalitet vert sikra.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen, Region øst har ikkje vektlagt gjennomgang og felles forståing av korleis ein skal sikre teknisk kvalitet i prosjektet i samhandlingsprosessen.
Funn 2 - Avvik
Statens vegvesen, Region øst gjennomfører ikkje kartlegging av kritiske prosesser for teknisk kvalitet i samsvar med krav.
Funn 3 - Avvik
Statens vegvesen, Region øst sine kontrollplanar viser ikkje det samla omfang av planlagde og gjennomførte stikkprøvekontrollar i samsvar med krav.