Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Trafikksikkerheitsrevisjon i samsvar med vegsikkerheitsforskrifta

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region nord og Region sør. Tilsynssaka omhandlar trafikksikkerheitsrevisjon i samsvar med vegsikkerheitsforskrifta.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn. Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet gjeve to tilrådingar til Region nord og to tilrådingar til Region sør.

Tilsynspartane skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verte handtert, saman med ein handlingsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak.

Tema
Generell sikkerhetsstyring
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Etterlevelsestilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

Ein trafikksikkerheitsrevisjon er «en uavhengig, detaljert, systematisk og teknisk sikkerhetskontroll av et vegprosjekts utformingsmessige egenskaper, som omfatter alle faser fra prosjektering til innledende bruk», jf. vegsikkerheitsforskrifta § 2 bokstav h).

Trafikksikkerheitsrevisjon av nye vegprosjekt er eit viktig verkemiddel for å sikre at trafikkfarlege forhold vert oppdaga og handtert. Sidan vegsikkerheitsforskrifta tredde i kraft oktober 2011 har det vore krav om at det skal gjennomførast trafikksikkerheitsrevisjonar ved gjennomføring av alle vegprosjekt på TEN-T vegnettet.

Vegtilsynet har gjennomført ei tilsynssak som gjeld gjennomføring av trafikksikkerheitsrevisjon i samsvar med vegsikkerheitsforskrifta. Tilsynspartar i denne saka er Statens vegvesen, Region nord og Region sør.

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region nord og Region sør gjennomfører trafikksikkerheitsrevisjonar på TEN-T vegnettet i samsvar med krav. Tilsynssaka har teke føre seg tre problemstillingar.

For det fyrste har Vegtilsynet undersøkt om det framgår av kvalitetsplanar at det skal gjennomførast trafikksikkerheitsrevisjon. Vidare har Vegtilsynet undersøkt om Statens vegvesen, Region nord og Region sør gjennomfører trafikksikkerheitsrevisjonar i samsvar med krav. Under den tredje problemstillinga undersøkte Vegtilsynet kva rutinar/prosedyrar regionane har for lagring, læring og erfaringsdeling etter gjennomførte trafikksikkerheitsrevisjonar.

Tilsynet har vist at det ikkje er beskrive i kvalitetsplanane at det skal gjennomførast trafikksikkerheitsrevisjonar og at det er manglar ved gjennomføringa av trafikksikkerheitsrevisjonar etter krava i vegsikkerheitsforskrifta. Manglande etterleving av krava til revisjon i vegsikkerheitsforskrifta, kan ha som konsekvens at trafikkfarlege tilhøve ikkje vert avdekka i dei ulike prosjekttrinna. Vegtilsynet vurderer på bakgrunn av dette at Statens vegvesen, Region nord og Region sør ikkje sikrar ei trafikksikkerheitsmessig forvaltning av vegnettet (TEN-T) slik vegsikkerheitsforskrifta set krav til.

Vidare har tilsynet vist at dei to regionane ikkje har eit system som sikrar tilstrekkeleg læring og erfaringsdeling etter gjennomførte trafikksikkerheitsrevisjonar. Vegtilsynet vurderer at Statens vegvesen, Region nord og Region sør ikkje har utnytta det læringspotensial som ligg i gjennomførte revisjonar.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Region Nord:
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen, Region nord har ikkje beskrive i kvalitetsplanane at det skal gjennomførast trafikksikkerheitsrevisjonar.
Funn 2 - Avvik
Statens vegvesen, Region nord har ikkje gjennomført trafikksikkerheitsrevisjon i samsvar med krav.
Funn 3 - Observasjon
Innhenta data tyder på at Statens vegvesen, Region nord ikkje har eit system som sikrar tilstrekkeleg læring og erfaringsdeling etter gjennomførte trafikksikkerheitsrevisjonar.
Region Sør:
Funn 4 - Avvik
Statens vegvesen, Region sør har ikkje beskrive i kvalitetsplanane at det skal gjennomførast trafikksikkerheitsrevisjonar.
Funn 5 - Avvik
Statens vegvesen, Region sør har ikkje gjennomført trafikksikkerheitsrevisjon i samsvar med krav.
Funn 6 - Observasjon
Innhenta data tyder på at Statens vegvesen, Region sør ikkje har eit system som sikrar tilstrekkeleg læring og erfaringsdeling etter gjennomførte trafikksikkerheitsrevisjonar.