Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Risikoanalyse av vegtunnelar

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region øst. Tilsynssaka omhandlar risikoanalyse av vegtunnelar.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn. Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet gitt tre tilrådingar.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verte handtert, saman med ein handlingsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak.

Samandrag

Ei hovudprioritering i Statens vegvesen sitt handlingsprogram 2014–2017 (2023 - Kap. 6.6 «Fornying, Utbedring av tunneler») er arbeidet med å oppgradere og utbetre vegtunnelar. Statens vegvesen skal gjennomføre risikoanalysar av vegtunnelar i samsvar med krav i tunnelsikkerheitsforskrifta. Ein risikoanalyse vert utført for å kunne ta gjennomtenkte avgjersler med omsyn til sikkerheit. Det er viktig å definere hensikten med risikoanalysen, og kva resultata skal brukast til. I tillegg er det viktig at Statens vegvesen nyttiggjer seg desse risikoanalysane slik at ein er i forkant, og ikkje berre justerer sikkerheitsnivå i etterkant av hendingar.

Tilsynet har vist at det er manglar ved fleire av Region øst sine risikoanalysar. Risikoanalysane har manglar i alle trinn, frå beskriving av bakgrunn og formål til metodeval, vurderingskriterium, identifikasjon av sikkerheitsproblem, vurdering av sannsynleghet og konsekvens, evaluering av risiko opp mot kriteria og foreslåtte tiltak. Manglane kan føre til at analysane ikke er gode nok som grunnlag for å setje i verk sikkerheitstiltak, og resultatet kan vere manglande tiltak, feil tiltak, at relativt like tunneler får ulike tiltak, og at tunnelar ikkje oppfyller minste tillatte sikkerheitsnivå.

Dei fleste av rapportene er mangelfulle også når det gjeld sporbarheit gjennom risikoanalyseprosessen. Den manglande sporbarheita medfører mellom anna det ikkje er mogeleg å lese kva som er grunnlag for dei ulike tilrådde tiltaka. Ein kan til dømes ikke sjå om eit tiltak er tilrådd for å kompensere for avvik frå tunnelsikkerheitsforskrifa eller for å redusere risiko ved eit særtrekk ved tunnelen; om det er for oppfylle eit krav i Handbok N500 som går utover minimumskravene i forskrifta, eller om det er foreslått av andre grunnar. Dette kan ha som konsekvens at tilsynspart får utfordringar når ein skal bruke risikoanalysane som grunnlag for å ta avgjersler om tiltak som skal sikre minste tillatte sikkerheitsnivå.

Vegtilsynet gir tre tilrådingar i saka.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Observasjon
Innhenta data tyder på at Statens vegvesen, Region øst ikkje sikrar at det går tydeleg fram av risikoanalysane kva regelverk som er lagt til grunn.
Funn 2 - Observasjon
Innhenta data tyder på at Statens vegvesen, Region øst ikkje sikrar at risikoanalysar vert gjennomført av eit uavhengig organ.
Funn 3 - Avvik
Statens vegvesen, Region øst har ikkje identifisert avvik frå minimumskrav og ikkje identifisert parameter knytt til særtrekk.
Funn 4 - Avvik
Statens vegvesen, Region øst har ikkje beskrive formål og analyseobjekt i alle risikoanalysar.
Funn 5 - Avvik
Statens vegvesen, Region øst har ikkje valt analysemetode i samsvar med rettleiar og ikkje gjennomført TUSI-berekningar.
Funn 6 - Observasjon
Innhenta data viser at Statens vegvesen, Region øst ikkje beskriv vurderingskriterium i risikoanalysane.
Funn 7 - Avvik
Statens vegvesen, Region øst har ikkje vurdert risiko, sannsynlegheit og konsekvens i risikoanalysar i samsvar med krav.
Funn 8 - Avvik
Statens vegvesen, Region øst har ikkje grunngitt forslag til risikohanterande tiltak.