Samandrag
Driftskontraktane er Statens vegvesen sin reiskap for å oppretthalda funksjonen på vegnettet. God kvalitet på drifta av vegnettet er viktig for trafikksikkerheita. Ettersom sjølve driftsoppgåvene vert utført av entreprenør, er Statens vegvesen si oppfølging av driftskontraktane og kontroll med det utførte arbeidet av stor betyding. Vegtilsynet har i denne saka undersøkt korleis Statens vegvesen, Region vest følger opp driftskontraktar for å sikre at ein får levert rett kvalitet på leveransen i samsvar med kontrakt.
Målet med tilsynet har vore å undersøke om tilsynspart følger opp driftskontraktar i samsvar med krav. For å undersøke dette har Vegtilsynet sett på tre problemstillingar.
Under den fyrste problemstillinga undersøkte Vegtilsynet om byggherren si planlegging av stikkprøvekontrollar er i samsvar med krav. Tilsynet viste at den årlege planlegginga av stikkprøvekontrollverksemda i Statens vegvesen, Region vest ikkje er i samsvar med krav. Vidare er det påvist svakheiter ved bruken av ELRAPP og planlegging av stikkprøvekontrollar i vekeplanar i ELRAPP. Funna inneber etter Vegtilsynet sitt syn at det for dei undersøkte driftskontraktane er ulik praksis ved planlegging av stikkprøvekontrollar, noko som er i strid med formålet med SOPP. I tillegg kan dette gje eit feil bilete av kontrollverksemda ved rapportering, og tertial- og årsrapporteringa kan gje feil styringsinformasjon til regionen, Vegdirektoratet og andre. Det er heller ikkje dokumentert at dei plantala som er lagt inn i ELRAPP er i samsvar med krava og føringane i SOPP. Dette betyr etter Vegtilsynet si vurdering at det ikkje er mogeleg å uttale seg om den planlagde kontrollverksemda er tilstrekkeleg for å sikre at leveransen i driftskontraktane er i samsvar med bestillinga.
Vegtilsynet undersøkte òg om byggherren sine stikkprøvekontrollar vert gjennomført i samsvar med plan. Tilsynet viste at det i liten grad er samsvar mellom plantala i ELRAPP og tal gjennomførte stikkprøvekontrollar for riksveg og gang-/ sykkelveg på riksveg i perioden juni til september 2015. Andelen gjennomførte stikkprøvekontrollar varierer frå 20 % til 197 % i høve til plantala, og for seks av driftskontraktane er skilnaden frå plantalet større enn +/- 20 %. Stikkprøvekontrollverksemda kan avvike frå det planlagde i løpet av året, jf. SOPP kapittel 2.2 «Byggherrens kontrollplan». Grunnar til dette kan vere til dømes endring av tilgjengelege ressursar til kontrollarbeid, eller at resultat frå gjennomførte kontrollar gir behov for å auka eller redusere omfanget av stikkprøvekontrollar. Vegtilsynet si vurdering er likevel at skilnadane mellom tal planlagde og gjennomførte stikkprøvekontrollar er så store, at det er grunn til å stille spørsmål ved om dette skuldast mangelfull planlegging eller om det er eit resultat av naturlege tilpassingar av kontrollverksemda i løpet av året. Vegtilsynet vil i denne samanheng kommentere at undersøkinga gjeld tal stikkprøvekontrollar, og at det ikkje er undersøkt om tid brukt til kontrollverksemda samsvarar med plantal for dagsverk.
Til slutt undersøkte Vegtilsynet om byggherren behandlar kontrollresultat etter stikkprøvekontrollar i samsvar med krav. Tilsynet viste at det ikkje vert gjennomført oppfølgingskontrollar i samsvar med krav. Dette vart forklart med blant anna at SOPP er uklar på dette punktet, manglande ressursar og at ein har andre metodar for oppfølging av avvik. Dette inneber at ein i liten grad har dokumentasjon i ELRAPP på at det er planlagt og gjennomført oppfølgingskontroll. Manglande gjennomføring av oppfølgingskontroll kan ha som konsekvens at avvik ikkje vert utbetra.
Rapporten inneheld fem funn, og Vegtilsynet har med bakgrunn i desse gitt tre tilrådingar.
Vegtilsynet si vurdering er at Statens vegvesen, Region vest ikkje i tilstrekkeleg grad følger opp driftskontraktane i samsvar med krav