Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Teknisk kvalitet i utbyggingsprosjekt

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region vest. Tilsynssaka omhandlar teknisk kvalitet i utbyggingsprosjekt.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn. Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet gjeve fire tilrådingar.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak.

Samandrag

Statens vegvesen har, som byggherre, ansvaret for at alle utbyggingsprosjekt har den tekniske kvaliteten som er beskrive i kontrakten. Entreprenør skal levere kvalitetsdokumentasjon til byggherre som viser at utført arbeid er i samsvar med krava i kontrakten. Byggherren skal verifisere teknisk kvalitet gjennom å behandle entreprenøren sin kvalitetsdokumentasjon og ved å gjennomføre eigen stikkprøvekontroll.

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region vest sikrar teknisk kvalitet i utbyggingsprosjekt.

Tilsynet omfatta to utbyggingsprosjekt i Sogn og Fjordane:

  • E 39 Dregebø – Grytås og Birkeland – Sande

  • E 16 Varpe bru – Smedalsosen

Kontrollomfang vert ikkje planlagt i samsvar med krav
Tilsynet har vist at det planlagde kontrollomfanget for å følge opp teknisk kvalitet i prosjekta i liten grad baserer seg på ei dokumentert kartlegging av kritiske prosessar. I tillegg har tilsynet vist at det er manglar ved kontrollplanane. Dei viser ikkje det totale omfang av stikkprøvekontrollar, og planlagt kontrollomfang for dei utvalde prosessane i Rapport nr. 274 Datagrunnlag for målekort er ikkje i samsvar med minimumskrav.

Kontrollar vert ikkje gjennomført og dokumentert i samsvar med krav
Tilsynet har vist at kontrollplanane ikkje alltid vert lagt til grunn ved gjennomføring av kontrollane. I tillegg har tilsynet vist at prosjektet E39 Dregebø – Grytås og Birkeland – Sande ikkje oppdaterer dokumentasjon i Kvalink fortløpande.

Lite etterprøvbar vurdering av kvalitetsdokumentasjon frå entreprenør
Tilsynet har vist at behandlinga av kvalitetsdokumentasjon frå entreprenør ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar at nødvendig dokumentasjon er mottatt, vurdert og lagra. Det er ikkje dokumentert i kva omfang byggherre gjer ei vurdering av mottatt kvalitetsdokumentasjon frå entreprenør, eller korleis slike vurderingar skal gjerast.

Avviksbehandling vert ikkje dokumentert
Tilsynet har vist at dei avvika som er dokumentert på fastsett avviksskjema stort sett vert behandla i samsvar med krav, men at ikkje alle avvik vert registrert og dokumentert. Behandlinga av desse avvika er ikkje sporbar.

På grunnlag av det som er avdekka under tilsynet, er Vegtilsynet si vurdering at dei to undersøkte prosjekta i Region vest ikkje alltid oppfyller krav til sikring av teknisk kvalitet slik som beskrive i kvalitetssystemet.

Rapporten inneheld fire funn og Vegtilsynet har med bakgrunn i desse gitt fire tilrådingar.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Dei to prosjekta etterlever ikkje krav til planlegging av byggherren sin eigen stikkprøvekontroll.
Funn 2 - Avvik
Prosjektet E39 Dregebø – Grytås og Birkeland – Sande etterlever ikkje krav til dokumentasjon av kontrollar.
Funn 3 - Observasjon
Innhenta data tyder på at kvalitetsdokumentasjon frå entreprenør ikkje i tilstrekkeleg grad er behandla.
Funn 4 - Avvik
Dei to prosjekta behandlar ikkje alle avvik i samsvar med krav.