Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Inspeksjon av bruer

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region nord. Tilsynssaka omhandlar inspeksjon av bruer.

Tilsynssaka er gjennomført som ein revisjon.

Utkast til tilsynsrapport vart lagt fram for tilsynspart 14. april 2016, med frist for å gje tilbakemelding på faktafeil. Tilsynspart gav slik tilbakemelding innan fristen og dette er tatt omsyn til ved utarbeiding av endeleg tilsynsrapport.

Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet gitt tre tilrådingar.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verte handtert, saman med ein handlingsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak

Samandrag

Statens vegvesen forvaltar meir enn 17 000 bruer, ferjekaier og andre bærande konstruksjonar på riks- og fylkesvegnettet. Av desse ligg omlag 5 000 bruer på riksveg. Statens vegvesens forvaltning av desse konstruksjonane skjer gjennom bruforvaltningssystemet «Brutus».

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region nord har oversikt over tilstanden på bruene i regionen.

For det første ville Vegtilsynet finne ut om inspeksjon av bruer vart planlagt og utført i samsvar med krav. For det andre om resultat fra inspeksjonane vart registrert og følgt opp.

I følge krava skal det årleg anten utførast ein hovud- eller ein enkel inspeksjon. Ved ein enkel inspeksjon er føremålet å kontrollere om det er oppstått alvorlege skader som på kort sikt kan påverke mellom anna bæreevne og trafikksikkerheit. Ein hovudinspeksjon er ein visuell tilstandskontroll av heile brua som skal være grunnlag for drifts- og vedlikehaldstiltak.

Region nord har 916 bruer som fell inn under rammene for tilsynet. Tilsynet viste at ikkje var planlagt inspeksjon for 30 prosent av desse.

Når det gjaldt gjennomføring av kontrollane var det utført vesentleg færre enkelinspeksjonar enn tal planlagde både for 2014 og 2015. Det var ein negativ trend fra 2014 til 2015 for enkel-inspeksjonar. I 2014 var 80 prosent av dei planlagde inspeksjonane gjennomført. I 2015 var 40 prosent gjennomført.

Alle planlagde hovudinspeksjonar var gjennomført i 2014, men 12 prosent av planlagde hovudinspeksjonar var ikkje gjennomført i 2015.

Inspeksjonar som fell ut av programmet for ett år skal overførast til året etter. Vegtilsynet fann for eit utval enkel-inspeksjonar at om lag ti prosent var overført fra 2014 til 2015. For eit utval hovudinspeksjonar var ingen overført frå 2015 til 2016. Dette betyr at omfanget av bruer som ikkje vert inspisert årleg truleg vil auke.

Når det gjaldt oppfølging av resultat etter inspeksjonar, fann Vegtilsynet at skadar og tiltak vert lagt inn i «Brutus», men at skadane sin konsekvensgrad vert vurdert ulikt når regional vedlikehaldsplan skal utformast. Oppdatering av «Brutus» etter at skadar er utbetra, vert dessutan ikkje gjort konsekvent.

«Brutus» skal gi oversikt over tilstanden på bruene og styringsinformasjon oppover i systemet. Lavere kontrollfrekvens enn kva det er krav om, samt mangelfull oppdatering i «Brutus» etter gjennomføring av tiltak, kan gi eit feilaktig bilde av tilstanden på bruene.

Tilsynet viste at alvorlege skadar som er registrert i stor grad vert følgt opp gjennom regional vedlikehaldsplan eller overvaka gjennom årleg inspeksjon.

Vegtilsynet har gitt tre tilrådingar i saka.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Det vert ikkje planlagt årleg enkel inspeksjon eller hovudinspeksjon av alle bruer i Region nord.
Funn 2 - Avvik
Det vert ikkje utført årleg inspeksjon av alle bruer i Region nord.
Funn 3 - Observasjon
Region nord har registert skader med feil konsekvensgrad i bruforvaltningssystemet Brutus.
Funn 4 - Avvik
Bruforvaltningssystemet Brutus vert ikkje systematisk oppdatert etter at tiltak er utført.