Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Samordning av vedlikehaldstiltak

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region vest. Tilsynssaka omhandlar samordning av vedlikehaldstiltak.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tema
Drift og vedlikehold
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Systemtilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

Vegtilsynet har i perioden 24.10.2016 til 23.02.2017 gjennomført tilsyn med Statens vegvesen, Region vest. Tilsynssaka har undersøkt om regionen samordnar ulike vedlikehaldstiltak på veg slik at trafikksikkerheita vert ivaretatt. Det er spesielt lagt vekt på samordning av dekketiltak og rekkverkstiltak.

Tilsynet har vist at Region vest har beskrive og vektlagt samordning av dekketiltak og rekkverkstiltak både i strategidokumentet og i budsjettretningslinjene. Dokumenta gir føringar for korleis vegavdelingane skal spele inn budsjettbehov, og er formålstenlege i denne samanhengen. Når det gjeld den delen av arbeidet som skal utførast i vegseksjonane, og som gjeld samordning av istandsetting av rekkverk på dekkestrekningar, kan kvar vegseksjon løyse denne oppgåva på den måten dei meiner er mest hensiktsmessig.

For kartlegging og innmelding av behov for midlar til dekke, viser innhenta data at systemet vert følgt i praksis. Det er likevel ulik praksis i vegavdelingane for å kartlegge og melde inn behov for midlar til rekkverk på dekkestrekningane, og rekkverk er ikkje er sett i stand på alle strekningane der det er gjennomført dekkelegging.

Vegtilsynet meiner difor at Region vest ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar at vedlikehaldstiltak som gjeld dekkelegging og reparasjon av rekkverk er samordna slik at trafikksikkerheit vert ivaretatt.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Tilsynskriterium 1: Eit styringssystem skal beskrive arbeidsoppgåver, roller, ansvar og krav til dokumentasjon i samband med samordning av tiltak.
Funn 1 - Ingen funn
Tilsynskriterium 2: Ved legging av nytt vegdekke skal rekkverk settast i stand.
Funn 2 - Observasjon
Statens vegvesen, Region vest har ikkje sikra at trafikksikkerheita vert ivaretatt, då vegavdelingane ikkje har sett i stand rekkverk på alle strekningar ved legging av nytt vegdekke.