Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Inspeksjon av bruer

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region vest. Tilsynssaka omhandlar inspeksjon av bruer.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avvik vil bli handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak.

Samandrag

Målet med tilsynssaka har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region vest har oversikt over tilstanden på bruene i regionen.

Vegtilsynet har undersøkt om inspeksjon av bruer vert planlagt og utført, og om resultat frå inspeksjonane vert registrert og følgt opp.

Det er krav om at inspeksjonar av bruer skal gjerast årleg, anten i form av enkeleller ein hovudinspeksjon. Ved ein enkel inspeksjon er føremålet å kontrollere om det er oppstått alvorlege skader som på kort sikt kan påverke mellom anna bereevne og trafikksikkerheit. Ein hovudinspeksjon er ein visuell tilstandskontroll av heile brua, og skal være grunnlag for drifts- og vedlikehaldstiltak.

Tilsynssaka omfatta 1365 bruer i Region vest. Den viste at det ikkje er registrert planlagde og utførte inspeksjonar i bruforvaltningssystemet, Brutus, for ein stor del av desse.

Når det gjaldt oppfølging av resultat etter inspeksjonar, fann Vegtilsynet at skadar og tiltak vart lagt inn i «Brutus», men at oppdatering av «Brutus» etter at skadar er utbetra ikkje vert gjort konsekvent.

«Brutus» skal gi oversikt over tilstanden på bruene og styringsinformasjon i organisasjonen og til Samferdsledepartementet. Lågare kontrollfrekvens enn kva det er krav om, samt mangelfull oppdatering i «Brutus» etter gjennomføring av tiltak, kan gi eit feilaktig bilde av tilstanden på bruene.

Vegtilsynet har funne fem avvik i saka, som Region vest innan 1. juni 2017 skal gi tilbakemelding på korleis dei vil handtere.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Problemstilling 1 - Tilsynskriterium: Brutus skal brukast til planlegging av enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar. Data om nye bruer skal leggast inn i Brutus.
Funn 1 - Avvik
Det vert ikkje planlagt årlege inspeksjonar for alle bruer i Region vest.
Funn 2 - Avvik
Region vest har ikkje tilstrekkelege rutinar som sikrar at bruer som er opne for trafikk har rett status i Brutus.
Funn 3 - Avvik
Det vert ikkje utført årlege inspeksjonar for alle bruer i Region vest.
Problemstilling 2 - Tilsynskriterium: Brutus skal brukast til planlegging av oppgåver innan vedlikehald av bruer og til oppfølging desse oppgåvene. Av dette følger at resultat frå vedlikehald skal registrerast i Brutus.
Funn 4 - Avvik
Det vert ikkje planlagt tiltak i Brutus for alle skader med høg prioritet.
Funn 5 - Avvik
Brutus vert ikkje systematisk oppdatert etter at tiltak er utført.