Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Beredskapsplanlegging for vêrutsette strekningar

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region vest. Tilsynssaka omhandlar beredskapsplanlegging på vêrutsette strekningar.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avviket vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring.

På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avviket.

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region vest sikrar eit oppdatert og relevant planverk for beredskap på vêrutsette strekningar.

Vegtilsynet har undersøkt om det er utarbeidd beredskapsplanar i samsvar med krav, og om regionen sikrar at beredskapsplanane for evakuering av fastkøyrd kolonne vert etterlevd.

Samla sett viste tilsynssaka at Region vest stort sett har eit oppdatert og relevant planverk for beredskap på vêrutsette strekningar.

Vegtilsynet fann at regionen:

  • har utarbeidd regional trafikkberedskapsplan

  • ikkje har utarbeidd lokale trafikkberedskapsplanar

  • har lokale instruksar for stenging og kolonnekøyring for dei undersøkte strekningane

  • har beredskapsplanar for fastkøyrd kolonne for dei undersøkte strekningane

  • har ein praksis for å sikre at alle involverte er kjend med beredskapsplanane for evakuering av fastkøyrd kolonne og dei rutinane som skal følgast, men at det ikkje alltid føreligg dokumentasjon på at denne praksisen er følgt.

Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil verte følgt opp med Statens vegvesen, Region vest. Det er gjort ein observasjon.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Ingen funn
Regionen har ein regional trafikkberedskapsplan som omfattar beredskap på vêrutsette strekningar.
Funn 2 - Avvik
Statens vegvesen, Region vest har ikkje utarbeidd lokale trafikkberedskapsplanar i samsvar med krav, for dei undersøkte vêrutsette strekningane i trafikkberedskapsklasse 2 og 3.
Funn 3 - Ingen funn
Regionen har lokale instruksar for stenging og kolonnekøyring for kvar einskild vêrutsett strekning som kan verte midlertidig stengd eller kolonnekøyrd.
Funn 4 - Ingen funn
Regionen har beredskapsplanar for fastkøyrd kolonne for kvar einskild vêrutsett strekning som kan verte midlertidig stengd eller kolonnekøyrd
Funn 5 - Observasjon
Statens vegvesen, Region vest kan ikkje dokumentere at alle involverte er kjend med beredskapsplanane for evakuering av fastkøyrd kolonne og dei rutinane som skal følgast.