Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Klimatilpasning i driftsfasen – skred. Region midt

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region midt. Tilsynssaka omhandlar klimatilpassing i driftsfasen, spesielt inspeksjon av skredskredsikrings- og skredvernstiltak.

Rapporten inneheld ein oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunna.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avvika vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring. På bakgrunn av tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avvika.

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region midt etterlever krav til klimatilpassing når eksisterande veg skal driftast.

Vegtilsynet har undersøkt fire driftskontrakter når det gjeld planlegging og gjennomføring av inspeksjon av skredsikrings- og skredvernstiltak som til dømes is- og skrednett, steinsprangnett og skredvollar.

Samla sett viste tilsynssaka at regionen ikkje kan dokumentere at dei inspiserer og driftar dei utvalde objekta i driftskontraktane i tråd med krav. Dette kan medføre at funksjonen ikkje vert oppretthaldt over tid, og at sikringstiltaka ikkje verkar som føresett. Dette kan medføre fare for trafikantane.

Vegtilsynet fann at:

  • regionen ikkje oppfyller krav til at inspeksjonsplanane tydeleg skal definere type inspeksjon og frekvens

  • Funk-Ra/V-listene i inspeksjonsplanane ikkje vert oppdatert undervegs i kontraktsperioden, og planane sikrar difor ikkje at alle objekt vert inspisert.

  • regionen ikkje utførar inspeksjon for alle skredsikrings- og skredverntiltak i samsvar med krav;

  • regionen ikkje kan dokumentere at dei utvalde objekta har funksjon og utsjånad i tråd med krava i Handbok R610

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Innhenta data viser at Statens vegvesen, Region midt ikkje oppfyller krav til at inspeksjonsplanane tydeleg skal definere type inspeksjon og frekvens.
Funn 2 - Observasjon
Innhenta data har vist at Funk-Ra/V-listene i inspeksjonsplanane ikkje vert oppdatert undervegs i kontraktsperioden, og planane sikrar difor ikkje at alle objekt vert inspisert.
Funn 3 - Ingen funn
For alle inspeksjonstypar ligg det føre objektspesifikke retningsliner for dokumentasjon, rapportering og arkivering. Kriteriet er oppfylt for dei undersøkte driftskontraktane.
Funn 4 - Avvik
Statens vegvesen Region midt gjennomfører ikkje inspeksjon for alle skredsikringsog skredverntiltak i samsvar med krav.
Funn 5 - Avvik
Innhenta data syner at byggherre ikkje kan dokumentere at dei utvalde objekta har funksjon og utsjånad i tråd med krava i Handbok R610.
Funn 6 - Ingen funn
Resultatet av inspeksjonar er dokumentet og arkivert i Statens vegvesen sine standardsystem for dokumentasjon (ELRAPP)