Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Trafikksikkerheit i tunnelar som ikkje er oppgraderte - korrigert

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Vegdirektoratet. Tilsynssaka handlar om korleis sikkerheita i tunnelar som ikkje er oppgradert etter tunnelsikkerheitsforskrifta er tatt i vare gjennom periodiske inspeksjonar.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avvika vil bli handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring.

På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avvika.

Tema
Tunnelsikkerhet
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Systemtilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

Tilsynsrapport datert 23.08.2018 er korrigert 02.07.2020. Undersøkinga i 2018 viste eit avvik (funn 1) når det gjaldt organisering. Vegtilsynet fatta vedtak om pålegg om retting. Vedtaket vart påklaga av Statens vegvesen. Klageinstansen gav klager medhald jf. brev datert 18.06.20. Basert på dette er rapporten korrigert for dette tilsynskriteriet.

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen tek i vare sikkerheita i tunnelar som ikkje er oppgraderte etter tunnelsikkerheitsforskrifta. Vegtilsynet har valt å sjå på dei periodiske inspeksjonane, fordi dei er ein viktig reiskap for Vegdirektoratet for å ha oversikt over sikkerheita i tunnelane og følge opp med tiltak dersom den ikkje er i tråd med tunnelsikkerheitsforskrifta.

Vegtilsynet har undersøkt om prosessane med tilhøyrande krav og hjelpedokument i kvalitetssystemet er tilstrekkelege, og om dei periodiske inspeksjonane blir planlagt, gjennom- ført og følgt opp slik kvalitetssystemet beskriv.

Samla sett viste tilsynssaka at Vegdirektoratet ikkje har ein overordna nasjonal plan for gjennomføring av periodiske inspeksjonar av tunnelane som ikkje er oppgraderte, og at 87 prosent av dei periodiske inspeksjonane blir gjennomførte, men ikkje følgt opp av Vegdi- rektoratet i tråd med krav. Det har vore gjort eit arbeid med prosessane i kvalitetssystemet, men å utarbeide sentrale retningslinjer gjenstår.

Vegtilsynet fann at Vegdirektoratet:

  • ikkje har utarbeidd nasjonal inspeksjonsplan og sikra gjennomføring av inspeksjonar innan seksårsfristen

  • ikkje har sikra at gjennomføring av periodiske inspeksjonar avdekkar om minstekrav i tunnelsikkerheitsforskrifta blir følgt

  • ikkje følger opp dei periodiske inspeksjonane

  • ikkje har oppdaterte sentrale retningslinjer

Vegtilsynet har funne 4 avvik som vil bli følgt opp med Vegdirektoratet.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Ingen funn
Statens vegvesen organiserer periodiske inspeksjonar med klar fordeling av roller og ansvar
Funn 2 - Avvik
Statens vegvesen, Vegdirektoratet har ikkje utarbeidd nasjonal inspeksjonsplan og sikra gjennomføring av inspeksjonar innan seksårsfristen.
Funn 3 - Avvik
Statens vegvesen, Vegdirektoratet har ikkje sikra at gjennomføring av periodiske inspeksjonar avdekkar om minstekrav i tunnelsikkerheitsforskrifta blir følgt.
Funn 4 - Avvik
Statens vegvesen, Vegdirektoratet følger ikkje opp dei periodiske inspeksjonane.
Funn 5 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje oppdaterte sentrale retningslinjer.