Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Klimatilpasning i driftsfasen, Region vest Vegseksjon Voss og Hardanger

Om rapporten

Vegtilsynet har gjennomført tilsyn med Statens vegvesen, Region vest sin etterleving av krav til klimatilpassing når eksisterande veg skal driftast.

Samandrag

Tilsynet var gjennomført i Vegseksjon Voss og Hardanger, som følgjer opp driftskontrakt 1206 Voss 2014–2019. Denne driftskontrakta omfattar om lag 167 kilometer riksveg, og har ein varigheit på fem år, frå 2014–2019.

Tilsynssaka er gjennomført som ein revisjon med innleiande dokumentgjennomgang og inspeksjon på veg i veke 17 og 33, med fokus på følgjande objekt:

  • is- og skrednett

  • steinsprangnett

  • sognemurar

  • skredvollar

Vegtilsynet gjer merksam på at tilsynet berre gjeld dei ovannemnde objekta, som vi i saka omtaler som «skredsikringsobjekt». Vi har ikkje undersøkt sikringsboltar, sprøytebetong og øvrige skredsikrings- og skredverntiltak.

Det er også gjennomført intervju med byggherre og entreprenør 20.09.18 for å undersøkje nærare korleis planleggjing, gjennomføring og oppfølgjing av inspeksjonane vert gjort i praksis.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Vegseksjon Voss og Hardanger manglar inspeksjonsplanar for 43 av 81 (53 prosent) av skredsikringsobjekta langs riksveger i området dekka av driftskontrakt 1206 Voss 2014–2019.
Funn 2 - Observasjon
V-lista i driftskontrakten vert ikkje oppdatert undervegs i kontraktsperioden, og planen sikrar difor ikkje at alle objekt vert inspisert.
Funn 3 - Avvik
Vegseksjon Voss og Hardanger har ikkje gjennomført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplan for skredsikrings- og skredverntiltak langs riksveg i 2015, innanfor området dekka av driftskontrakt 1206 Voss 2014–2019.
Funn 4 - Avvik
Vegseksjon Voss og Hardanger kan ikkje dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplan for 20 av 38 (52 prosent) av skredsikringsobjekta langs riksveg i 2016 og 2017, innanfor området dekka av driftskontrakt 1206 Voss 2014–2019.
Funn 5 - Observasjon
Vegseksjonen Voss og Hardanger kan ikkje dokumentere at skredsikringsobjekta i driftskontrakt 1206 Voss 2014–2019 har funksjon i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.