Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Klimatilpasning i driftsfasen, Region vest Vegseksjon Fjordane

Om rapporten

Vegtilsynet har gjennomført tilsyn med Statens vegvesen, Region vest sin etterleving av krav til klimatilpassing når eksisterande veg skal driftast.

Samandrag

Tilsynet var gjennomført i Vegseksjon Fjordane, som følgjer opp driftskontrakt 1404 Ytre Sunnfjord 2013–2018 og 1405 Indre Sunnfjord 2015–2020. Driftskontrakt 1404 Ytre Sunnfjord omfattar om lag 37 km riksveg, og har hatt ein varigheit på fem år, frå 2013–2018. Driftskontrakt 1405 Indre Sunnfjord omfattar om lag 185 km riksveg, og har ein varigheit på fem år, frå 2015–2020.

Tilsynssaka er gjennomført som ein revisjon med innleiande dokumentgjennomgang og inspeksjon på veg i uke 17 og 33, med fokus på følgjande objekt:

  • is- og skrednett

  • steinsprangnett

  • sognemurar

  • skredvollar

Vegtilsynet gjer merksam på at tilsynet berre gjeld dei ovannemnde objekta, som vi i saka omtalersom «skredsikringsobjekt». Vi har ikkje undersøkt sikringsboltar, sprøytebetong og øvrigeskredsikrings- og skredverntiltak.

Det er også gjennomført intervju med byggherre og entreprenør 17. og 18. september for åundersøkje nærare korleis planleggjing, gjennomføring og oppfølgjing av inspeksjonane vertgjort i praksis.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Ingen funn
Det er etablert inspeksjonsplanar for skredsikring og skredvern. Planane innehalder skredsikringsobjekta, og både type inspeksjon og frekvens er tydeleg definert.
Funn 2 - Avvik
Vegseksjon Fjordane kan ikkje dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i tråd med inspeksjonsplanen for 4 av 30 (13 prosent) av skredsikringsobjekta langs riksveg innanfor området dekka av driftskontrakt 1404 Ytre Sunnfjord 2013–2018.
Funn 3 - Avvik
Vegseksjon Fjordane kan ikkje dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i tråd med inspeksjonsplanen for 14 av 51 (27 prosent) av skredsikringsobjekta langs riksveg innanfor området dekka av driftskontrakt 1405 Indre Sunnfjord 2015–2020.
Funn 4 - Observasjon
Vegseksjonen Fjordane kan ikkje dokumentere at skredsikringsobjekta i 1404 Ytre Sunnfjord 2013–2018 og 1405 Indre Sunnfjord 2015–2020 har funksjon i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.