Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Tilstand på gang- og sykkelveg, Stjørdal

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar oppfylling av krav til tilstand på gang-og sykkelveg. Tilsynet vart gjennomført i Region midt, driftsområde 1706 Stjørdal, i vegavdeling Trøndelag.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tema
Gående og syklende
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Etterlevelsestilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg.

Vegtilsynet har inspisert alle gang- og sykkelvegar på riksvegane i driftsområdet til kontrakt 1706 Stjørdal for å undersøke etterleving av krav og forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken.

Samla sett viste tilsynssaka at entreprenøren og byggherren har gjennomført inspeksjonar og kontrollar, utan at dette har ført til at tilstanden på gang- og sykkelvegane var i samsvar med krav på det tidspunktet Vegtilsynet utførte inspeksjon.

Vegtilsynet fann:

  • 232 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav

  • Byggherren opplyste at avvik avdekka gjennom entreprenøren sine inspeksjonar eller gjennom byggherren sine kontrollar vert behandla fortløpande. Byggherre kan ikkje dokumentere om Vegtilsynets registreringar låg som opne avvik på det tidspunktet Vegtilsynet gjennomførte inspeksjonane

  • Statens vegvesen har ikkje sikra at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav i driftskontrakt 1706 Stjørdal

Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil verte følgd opp med Statens vegvesen.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje sikra at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav i driftskontrakt 1706 Stjørdal.