Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg i tunnelar

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg i tunnelar. Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avviket vil verta handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring. På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avviket.

Tema
Tunnelsikkerhet
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Systemtilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøka om Statens vegvesen driftar og vedlikeheld ventilasjonsanlegg i tunnel i samsvar med krav. Vegtilsynet undersøkte om Statens vegvesen planlegg og har oversikt over drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg.

Samla sett viste tilsynssaka at Statens vegvesen ikkje i tilstrekkeleg grad etterlever krav til drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg.

Vegtilsynet fann at Statens vegvesen:

  • ikkje har utarbeidd instruks for drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg i samsvar med Handbok R610

  • ikkje har dokumentert at det er utført nødvendig drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg i tunellane

Vegtilsynet har funne to avvik som vil verte følgt opp med Statens vegvesen.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje utarbeidd instruks for drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg i samsvar med Handbok R610.
Funn 2 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje dokumentert at det er utført nødvendig drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg i tunnelane.