Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

System for drift av veg

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn med Nye Veier AS. Tilsynssaka omhandlar delar av tilsynspart sitt styringssystem for drift av veg.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tema
Drift og vedlikehold
Tilsynspart
Nye Veier AS
Status
Lukka
Tilsynsform
Systemtilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om tilsynspart har eit tilstrekkeleg system for å sikre drift av vegnettet.

Vegtilsynet har undersøkt styringssystemet for drift av vegnettet, utført dokumentgjennomgang og intervjua relevante personar frå Nye Veier og driftsentreprenør Risa AS. Under intervjua vart Nye Veier sine prosessar og styringssystem samt funn frå dokumentgjennomgangen brukt aktivt.

Samla sett viste tilsynssaka at Nye Veier sitt styringssystem for drift av veg i all hovudsak er tilstrekkeleg.

Vegtilsynet fann 3 avvik som vil verte følgt opp med Nye Veier. I tillegg er det gjort 1 observasjon.

  • Nye Veier har ikkje tilstrekkeleg oversikt over relevante eksterne krav knytt til prosessen «Drift av vei».

  • Det går ikkje fram av prosessen «Drift av vei» kven som skal undersøke årsakene til dei ulike typane avvik som kan oppstå knytt til drift av vegnettet, når det skal gjerast eller korleis det skal gjerast.

  • Nye Veier har ikkje eit system for å evaluerer at tiltak for forbetring har effekt.

  • Kontrollplanane for prosessen «Drift av veg» er ikkje dokumentert i styringssystemet.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Verksemda skal fastsetja roller, ansvar og myndigheit knytt til alle mål og aktivitetar som inngår i verksemda.
Funn 1 - Ingen funn
Undersøkinga har ikkje avdekka avvik eller observasjonar
Funn 2 - Avvik
Nye Veier har ikkje synleggjort ei tilstrekkeleg oversikt over relevante eksterne krav knytt til prosessen «Drift av vei».
Verksemda skal vurdera risikoen for avvik, og for uynskte hendingar, knytt til alle aktivitetar.
Funn 3 - Ingen funn
Undersøkinga har ikkje avdekka avvik eller observasjonar
Verksemda skal fastsetja kva kompetanse som er naudsynt for å inneha roller, ansvar eller myndigheit.
Funn 4 - Ingen funn
Undersøkinga har ikkje avdekka avvik eller observasjonar
Funn 5 - Observasjon
Kontrollplanane for prosessen «Drift av veg» er ikkje dokumentert i styringssystemet.
Verksemda skal retta avvik utan ugrunna opphald.
Funn 6 - Ingen funn
Undersøkinga har ikkje avdekka avvik eller observasjonar.
Funn 7 - Avvik
Det går ikkje fram av prosessen «Drift av vei» kven som skal undersøke årsakene til ulike type avvik som kan oppstå knytt til drift av vegnettet, når det skal gjerast eller korleis det skal gjerast.
Funn 8 - Avvik
Nye Veier har ikkje eit system for å evaluerer om tiltak for forbetring har effekt.
Verksemda skal systematisk samla inn og vurdera forslag til forbetringar.
Funn 9 - Ingen funn
Undersøkinga har ikkje avdekka avvik eller observasjonar.