Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Hovudinspeksjonar av berg og bergsikring i tunnelar

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka handlar om hovudinspeksjon av berg og bergsikring i tunnelar.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avvika vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring. På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avvika.

Tema
Tunnelsikkerhet, Drift og vedlikehold
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Systemtilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen har og brukar eit tilstrekkeleg styringssystem for å førebygge nedfall av stein i tunnelar.

Tilsynssaka viser at det ikkje er gjennomført hovudinspeksjonar av berg og bergsikring i tunnelar i vest, sjølv om Statens vegvesen har krav om at denne inspeksjonstypen skal gjennomførast. I resten av landet vert det i stor grad gjennomført hovudinspeksjonar, men det er ikkje alltid inspeksjonane vert gjennomført innan fristen.

Sidan inspeksjonstypen er ein tilstandskontroll, kan det å ikkje gjennomføre hovudinspeksjonar, eller å gjennomføre dei for sjeldan, få som konsekvens at Statens vegvesen ikkje har oversikt over tilstanden i den enkelte tunnelen. Dette kan igjen føre til at stein fell ned frå tak og vegger, slik at det oppstår farlege situasjonar for trafikantane.

Når det gjeld oppfølging av inspeksjonane, viser tilsynssaka at anbefalte tiltak iinspeksjonsrapportane i varierande grad vart gjennomført innan dei anbefalte fristane.

Tilsynssaka viser også at det ikkje er tydeleg kven som har ansvar for at hovudinspeksjonar i tunnelar under 500 meter blir gjennomført, og at desse tunnelane heller ikkje er omfatta av den framlagde inspeksjonsplanen. Dette kan medføre risiko for at det ikkje blir gjennomført hovudinspeksjonar av berg og bergsikring i dei kortaste tunnelane.

Vegtilsynet finn at Statens vegvesen:

  • ikkje gjennomfører hovudinspeksjon av berg og bergsikring i alle tunnelar minst kvart femte år

  • ikkje har beskrive kven som har ansvar for å planlegge, gjennomføre og følgje opp inspeksjonar av berg og bergsikring i tunnelar under 500 meter

  • ikkje har sett tydelege krav til oppfølging etter hovudinspeksjon av berg og bergsikring av tunnel

  • ikkje følger opp funn etter hovudinspeksjon i alle undersøkte tunnelar

  • ikkje har inspeksjonsplan for hovudinspeksjonar av berg og bergsikring for alle tunnelar

  • bør vurdere om det å inngå skriftlege avtalar, for å spesifisere kva oppgåver praktisk tunnelforvaltar skal gjennomføre, er hensiktsmessig.

Vegtilsynet har funne fem avvik som vert følgt opp med Statens vegvesen. I tillegg er det gjort ein observasjon.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje beskrive kven som har ansvar for å planlegge, gjennomføre og følge opp inspeksjonar av berg og bergsikring i tunnelar under 500 meter.
Funn 2 - Observasjon
Statens vegvesen bør vurdere om det å inngå skriftlege avtalar, for å spesifisere kva oppgåver praktisk tunnelforvaltar skal gjennomføre, er hensiktsmessig.
Funn 3 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje sett tydelege krav til oppfølging etter hovudinspeksjon av berg og bergsikring i tunnel.
Funn 4 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje inspeksjonsplan for hovudinspeksjonar av berg og bergsikring for alle tunnelar.
Funn 5 - Avvik
Statens vegvesen gjennomfører ikkje hovudinspeksjon av berg og bergsikring i alle tunnelar minst kvart femte år.
Funn 6 - Avvik
Statens vegvesen følger ikkje opp funn etter hovudinspeksjon i alle undersøkte tunnelar.