Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Vegoppmerking etter dekkefornying

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar vegoppmerking etter dekkefornying.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avviket vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring. På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avviket.

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar at vegoppmerking etter dekkefornying vert utført i samsvar med fristar, slik at trafikktryggleiken vert teke i vare.

Vegtilsynet ser at vegoppmerking etter dekkefornying er ein krevjande prosess å gjennomføre. Arbeidet omfattar fleire steg - formerking, fresing og merking, og involverer fleire aktørar - byggherre og ulike entreprenørar. Alle stega av vegoppmerking er viktige og naudsynte, og bidreg til å skape leielinjer for trafikanten. Av omsyn til trafikktryggleiken, er det avgjerande å sikre at nylagt vegdekke vert liggande utan vegoppmerking kortast mogleg tid, då det nylagte vegdekket manglar referansepunkta vegoppmerkinga gjev.

Samla sett viste tilsynssaka at Statens vegvesen ikkje sikrar at vegoppmerking etter dekkefornying vert utført i samsvar med fristar, slik at trafikktryggleiken vert teken i vare.

I tillegg har Vegtilsynet sett at det ikkje er fastsett fristar i styringssystemet for den delen av arbeidet som byggherre gjer. Arbeidet som byggherre utfører bidreg òg til total tidsbruk frå nylagt vegdekke til vegoppmerking er utført.

Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil bli følgd opp med Statens vegvesen. I tillegg er det gjort éin observasjon.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje sørga for at vegoppmerking etter dekkefornying vert utført innan fastsette fristar.
Funn 2 - Observasjon
Statens vegvesen bør vurdere om den delen av arbeidet knytt til vegoppmerking som byggherre utfører, er tilstrekkeleg beskrive i styringssystemet.