Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Trafikkberedskap

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Nye Veier AS. Tilsynssaka omhandlar system for trafikkberedskap.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Nye Veier AS har eit tilstrekkeleg styringssystem for trafikkberedskap. Saka har tatt utgangspunkt i krav om at Nye Veier skal ha oversikt over eksterne krav og at det er fastsett interne krav til nødvendige aktivitetar som skal gjennomførast. Tilsynet har gjennomført dokumentgjennomgang og intervju for å få utfyllande informasjon.

Basert på dei undersøkingane som er gjort, viser tilsynet at Nye veier har eit tilstrekkeleg styringssystem for trafikkberedskap.

Vegtilsynet har ikkje konstatert avvik eller gitt observasjonar, men har likevel kome med vurderingar knytt til arbeid med styringssystemet. Dette gjeld særleg med tanke på dei nye vegstrekningane som Nye Veier gradvis overtek, og det pågåande arbeidet med styringssystemet. Det er viktig å kontinuerleg sikre at eksterne krav blir etterlevd, og at systemet er tilpassa omfang og risiko, slik at trafikksikkerheita til ei kvar tid er ivareteken

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Ingen funn
Nye Veier har tilstrekkeleg oversikt over relevante eksterne krav til å ha kontroll med at styringssystemet er innretta slik at det sikrar etterleving av krava til trafikkberedskap
Funn 2 - Ingen funn
Nye Veier planlegger aktivitetar for å nå dei mål, og for å sikre etterleving av dei krav, som er sett til tryggleiken knytt til riksveg