Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Identifisering og handtering av problempunkt og strekningar i vinterdrift

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka handlar om Statens vegvesen har og bruker eit tilstrekkeleg og effektivt system for å identifisera og handtere punkt og strekningar på riksvegnettet som blir vurderte å ha særlege utfordringar knytte til trafikktryggleik.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avviket vil bli handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring. På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avviket.

Tema
Drift og vedlikehold
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Systemtilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om det vert utarbeidd styrande dokument i tråd med handbok R760 Styring av vegprosjekter, for gjennom dette å sikre at problempunkt og -strekningar vert identifisert og handtert ved utarbeiding av konkurransegrunnlag for driftskontraktar.

Undersøkinga har vist at Statens vegvesen ikkje har utarbeidd styrande dokument for alle prosjekt, i tråd med fastsette malar. I tillegg har Vegtilsynet sett at det er uklare krav og ulik praksis mellom prosjekta. Etter Vegtilsynets vurdering, er det usikkert om den undersøkte prosjektstyringa sikrar at problempunkt- og strekningar faktisk blir identifisert og handtert i driftskontraktane.

Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil verte følgt opp med Statens vegvesen. I tillegg er det gjort ein observasjon.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen utarbeider ikkje styrande dokument for alle prosjekt i tråd med fastsette malar.
Funn 2 - Observasjon
Statens vegvesen bør, uavhengig av pågåande utviklingsarbeid, vurdere å tydeleggjere kva krav til styring av prosjekt som gjeld i fasen for utarbeiding av konkurransegrunnlag for driftskontraktar veg.