Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Inspeksjon av bruer

Om rapporten

Vegtilsynet varsla i november 2022 eit tilsyn der Statens vegvesen er tilsynspart. Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen planlegg og gjennomfører hovud- og enkelinspeksjon av bruer på riks- og europaveg i samsvar med krav i styringssystemet.

Vegtilsynet har undersøkt 5422 bruer på riks- og europaveg. Undersøkinga og datainnhentinga er avgrensa til kalenderåra 2018-2027.

Tema
Bruforvaltning
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Systemtilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

Bakgrunn

Dei siste åra har det vore fleire hendingar der skader på bruer har ført til stenging av vegen. Stenging av veg kan redusere trafikktryggleiken ved at omkøyringsvegar, med lågare standard, kan få auka trafikk. I tillegg kan ei bru ha ein skade med betydning for trafikktryggleiken.

Vegtilsynet gjennomførte i 2016 og 2017 to tilsynssaker om inspeksjonar av bruer. Tilsyna viste mellom anna at dei undersøkte regionane i Statens vegvesen ikkje gjennomførte inspeksjonar så ofte som dei sjølv hadde sett krav om.

Med bakgrunn i dette vil Vegtilsynet undersøke om Statens vegvesen planlegg og gjennomfører hovud- og enkelinspeksjonar slik det er beskrive i styringssystemet.

Oppsummering

Samla sett viste tilsynssaka at inspeksjonsplanar for hovudinspeksjonar vert utarbeidd i samsvar med krav for 92,9 % av bruene, og at det vart gjennomført hovudinspeksjon av 94,3 % av bruene. Det var ikkje planlagt hovudinspeksjon av 387 bruer og det var ikkje gjennomført hovudinspeksjon av 301 bruer.

Hovudinspeksjon: Ein nær visuell kontroll av heile brua for å kontrollere at alle element oppfyller sin funksjon.

Tilsynssaka viste vidare at inspeksjonsplanar for enkelinspeksjonar i all hovudsak vert utarbeidd i samsvar med krav (98,8 %), og at det vart gjennomført enkelinspeksjon av dei aller fleste bruene (98,3 %). Det var ikkje planlagt enkelinspeksjon av 44 bruer og det var ikkje gjennomført enkelinspeksjon av 91 bruer.

Enkelinspeksjon: Har som formål å avdekke om det er synlege skadar som på kort sikt påverkar eller kan påverke bruene si bæreevne, trafikktryggleik, vedlikehald eller miljø/estetikk.

Statens vegvesen skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avvika vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring. På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje planlagt alle hovudinspeksjonar i samsvar med krav.
Funn 2 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje gjennomført alle hovudinspeksjonar i samsvar med krav.
Funn 3 - Observasjon
Statens vegvesen bør sikra at eit bruforvaltningssystem viser inspeksjonar som vert planlagt og gjennomført med feil intervall.
Funn 4 - Ingen funn
Statens vegvesen har en inspeksjonsplan som viser tidspunkt for gjennomføring av enkelinspeksjon.
Funn 5 - Observasjon
Statens vegvesen bør sikre lik bruk av bruforvaltningssystemet.
Funn 6 - Ingen funn
Statens vegvesen gjennomfører enkelinspeksjon kvart år eller i samsvar med fastsett intervall.
Funn 7 - Observasjon
Statens vegvesen bør sikre at ROS-analysar vert utarbeidd og resultatet vert dokumentert dersom intervall for inspeksjon skal endrast.
Funn 8 - Observasjon
Statens vegvesen bør sikre at bruer er korrekt registrert i bruforvaltningssystemet.