Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Alarmar frå tunnel

Om rapporten

Rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar alarmar frå tunnel.

Tema
Tunnelsikkerhet
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Tilsynsmøte
Publiseringsdato

Samandrag

For å oppretthalde tunnelsikkerheita er det avgjerande at Statens vegvesen ved vegtrafikksentralane (VTS) har eit system som sikrar at innkomande alarmar er reelle, og med eit sikkerheitsmessig behov for at tiltak vert iverksett. Ved feil på tunnelutstyr, som gjev gjentakande alarmar til VTS, kan det medgå mykje tid til å kvittere ut desse. I ytterste konsekvens kan dette medføre at det går unødig lang tid før ein får retta merksemda mot eventuelle reelle alarmar som krev tiltak. Det er avgjerande å luke ut gjentakande alarmar som gjev alarmstøy, slik at systemet hjå VTS fungerer etter formålet og at tilliten til systemet blir oppretthalden.

Dei siste 10-15 åra har det vore ei betydeleg teknologisk utvikling når det gjeld utstyr i tunnel, og det er opna ei rekkje nye, større tunnelanlegg. Desse faktorane har mellom anna ført til stor auke i talet på objekt knytt opp til VTS. Dette har gitt ein auke i talet på alarmar som VTS må handtere, herunder auke i talet på alarmar frå tunnelutstyr. I seinare tid har utviklinga nådd eit punkt der Statens vegvesen ser at det er naudsynt å omstrukturere og gjere endringar i organisasjonen for å sikre at VTS har tilstrekkeleg kapasitet til viktige beredskapsoppgåver.

Tilsynssaka har vist at Statens vegvesen er i gong med eit omfattande og langsiktig arbeid for å sikre ei robust og framtidsretta automasjonsplattform (FRAP). Statens vegvesen er godt kjent med utfordringane knytt til stort alarmvolum frå tunnelutstyr, og arbeid pågår for å finna løysingar. FRAP omhandlar også ei rekkje andre utfordringar som er identifisert.

Statens vegvesen har ei langsiktig målsetjing om å samordne dagens fem vegtrafikksentralar for å få på plass ei nasjonal teneste. Dette inneberer å få på plass ei nasjonal, proaktiv trafikkstyring som eit tillegg til dagens meir reaktive trafikkstyring, samt få på plass fleire felles, tekniske løysingar.

Ressurs- og kapasitetssituasjonen ved VTS medfører imidlertid at fokus i all hovudsak er retta mot gjennomføring av det operative arbeidet ved VTS. Det er som følgje av dette avgrensa med ressursar til det utviklings- og forbetringsarbeidet som er naudsynt for å få på plass felles system og felles teknisk løysing. Det er i dag varierande kapasitet mellom VTS-ane og det føreligg ikkje felles prosedyrar for handtering av alarmar frå tunnel. Statens vegvesen har ei målsetjing om å få på plass ein felles alarmfilosofi som skal sikre like rutinar og lik handsaming av alarmhandtering på tvers av VTS-ane, herunder prosedyre for blokkering av alarmar.

Tilsynssaka har vist at Statens vegvesen er opptekne av å rette fokus mot meir deling av kunnskap internt i organisasjonen. Statens vegvesen har ikkje eit verktøy for å systematisere erfaringane med tunnelutstyr. Eit av områda som inngår i arbeidet med erfaringsoverføring, gjeld erfaringar med tunnelutstyr som genererer stort alarmvolum. Her vil mellom anna pågåande arbeid med å sikre identifisering og korrigering av feil på rett plass i systemet vere sentral. Det er venta eit vesentleg utkome frå arbeidet som automasjonsmiljøet i Statens vegvesen utfører med å digitalisere delar av arbeidsflyten frå feil på tunnelutstyr oppstår til feilen er utbetra.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Ingen funn