Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Avbøtande tiltak på smal firefelts motorveg

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar avbøtande tiltak på smal firefelts motorveg.

Tema
Planlegging, Utbygging
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Systemtilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

Som følgje av Sikkerhetstilråding Vei nr. 2022/17T frå Statens Havarikommisjon (SHK) retta mot Vegtilsynet, er det gjennomført tilsyn der formålet har vore å arbeide for at ulykkesfrekvens og skadeomfang ikkje aukar på planlagde smale firefelts motorvegar, jf. krav i vegnormal N100 Veg- og gateutforming. Vegtilsynet svarar ut sikkerhetstilrådinga med å gjennomføre to tilsynssaker: ei med Statens vegvesen som tilsynspart (sak 2023-08 Avbøtande tiltak på smal firefelts motorveg) og ei med Nye Veier AS som tilsynspart (sak 2023-06 Avbøtande tiltak på smal firefelts motorveg).

Målet med tilsynet i denne saka har vore å undersøke om styringssystemet til Statens vegvesen sikrar samsvar med krav til bruk av avbøtande tiltak ved reduksjon av skulderbreidde for dimensjoneringsklasse H3 i vegnormal N100 Veg- og gateutforming.

Samla sett viste tilsynssaka at Statens vegvesen skal sikre gjennomføring og etterleving av det aktuelle kravet gjennom det etablerte styringssystemet til verksemda. Ein overordna presentasjon av to vegprosjekt viste at det har blitt gjort prosjektspesifikke faglege vurderingar, herunder av avbøtande tiltak og den potensielle risikoreduserande effekten. Undersøkinga har ikkje avdekka avvik eller observasjonar.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Ingen funn