Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Etterlevelse av EU-forordning 886-2013

Om rapporten

Vegtilsynet har undersøkt om Statens vegvesen etterlever krav i Kommisjonsdelegert forordning (EU) nr. 2013/886 av 15. mai 2013 som omhandlar sikkerhetsrelevant trafikkinformasjon.

Tema
EU-forordninger
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Etterlevelsestilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

Statens vegvesen har oppgåver både som dataleverandør og som informasjonsleverandør etter forordninga. Artikkel 3-7 omfattar krav om tilgjengeleggjering av data medan artikkel 8 omfattar krav om formidling av informasjon.

Vegtilsynet har undersøkt om innsendt dokumentasjon oppfyller krava i forordninga. Statens vegvesen har etter artikkel 9, punkt 2 framlagt eigenerklæring (Self-Declaration Form), og krava i artikkel 3-8 er i følgje eigenerklæringa oppfylt. Statens vegvesen har i tillegg oversendt utfyllande dokumentasjon (Accompanying documentation) som gjev nærare omtale av oppfylling av krava i forordninga. Vegtilsynet har ikkje gjennomført stikkprøvekontroll i saka.

Vegtilsynet si vurdering er at Statens vegvesen oppfyller krava i Kommisjonsdelegert forordning (EU) nr. 2013/886.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Ingen funn