Om rapporten
Vegtilsynet har undersøkt om NRK etterlever krav i Kommisjonsdelegert forordning (EU) nr. 886/2013 av 15. mai 2013.
Vegtilsynet har undersøkt om NRK etterlever krav i Kommisjonsdelegert forordning (EU) nr. 886/2013 av 15. mai 2013.
NRK har oppgåve som informasjonsleverandør (kringkastar). Vegtilsynet skal årleg rapportere slik at Samferdselsdepartementet kan levera rapport til EU-kommisjonen innan 1. oktober kvart år.
Vegtilsynet varsla NRK om tilsyn 30.05.2024. Vegtilsynet mottok 25.06.2024 «Samsvarserklæring, ITS Action C – Trafikksikkerhetsinformasjon» og informasjon om «Metoder for å formidle informasjonstjenesten til sluttbrukere» frå NRK Trafikk.
Vegtilsynet har undersøkt om NRK oppfyller krava i forordninga. NRK har etter artikkel 9 pkt. 2 framlagt samsvarserklæring, og krava i artikkel 3-8 er ifølge samsvarserklæringa oppfylt. Det er ikkje gjennomført stikkprøvekontroll i saka.
Vegtilsynet si vurdering, basert på samsvarserklæringa, er at NRK oppfyller krava i delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 886/2013 artikkel 3-8.