Om rapporten
Vegtilsynet har undersøkt om Statens vegvesen etterlever krav i Kommisjonsdelegert forordning (EU) 2015/962 av 18. desember 2014.
Vegtilsynet har undersøkt om Statens vegvesen etterlever krav i Kommisjonsdelegert forordning (EU) 2015/962 av 18. desember 2014.
Statens vegvesen har oppgåver knytt til tilgjengeleggjering av trafikkinformasjonstenester i sanntid på EU-plan. Vegtilsynet har kontrollfunksjon med etterleving av forordninga, jf. artikkel 11, og skal annakvart år rapportera slik at Samferdselsdepartementet kan levera rapport til EU-kommisjonen.
Vegtilsynet varsla Statens vegvesen om tilsyn 25.04.2024.
Vegtilsynet mottok 03.06.2024 følgjande dokumentasjon:
Omtale av teneste som vert tilbydd, samt opplysningar om kvaliteten på tenestene og vilkåra for vidare bruk av data, jf. artikkel 11, punkt 2, bokstav a)
Eigenerklæring om oppfylling av krava i artikkel 3-10, jf. artikkel 11, punkt 2, bokstav b)
Vegtilsynet har undersøkt om dokumentasjonen frå Statens vegvesen oppfyller krava i forordninga. Statens vegvesen har etter artikkel 11, punkt 2, bokstav b) framlagt eigenerklæring, og krava i artikkel 3-10 er i følgje eigenerklæringa oppfylt. Det er ikkje gjennomført stikkprøvekontroll i saka.
Vegtilsynet si vurdering er at Statens vegvesen oppfyller krava i Kommisjonsdelegert forordning (EU) 2015/962 artikkel 3-10.