Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Tilsynsmøte om oppfølging av bruinspeksjon

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar oppfølging av bruinspeksjon.

Tema
Bruforvaltning
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Tilsynsmøte
Publiseringsdato

Samandrag

Vegtilsynet har gjennomført ei tilsynssak der målet har vore å skaffa kunnskap og ha dialog med Statens vegvesen om oppfølging av bruinspeksjonar, inkludert bruk av Brutus og andre system. Fokusområdet har vore oppfølging av dei mest alvorlege skadane som vert avdekka under inspeksjonar. Arbeidet med oppfølging av bruinspeksjonar er ei kritisk oppgåve for å oppretthalde sikkerheit og funksjonalitet for dei om lag 5.700 bruene på riksvegnettet.

Vegtilsynet gjennomførte tilsyn innanfor bruforvaltninga i 2016 og 2017. Det vart då  avdekka fleire manglar. Mellom anna var det lågare kontrollfrekvens enn kva det er krav om, og mangelfull oppdatering av tiltak. Samla set kunne dette gje eit feilaktig bilete av tilstanden på bruene, og mangelfull styringsinformasjon i Statens vegvesen.

Statens vegvesen føretok i 2018 ein gjennomgang av bruforvaltninga med særleg fokus på korleis inspeksjonar vart gjennomført, behandla og rapportert, og det vart føreslått ei rekkje tiltak.

Ei tilsynssak frå Vegtilsynet i 2023 viste at graden av gjennomførte bruinspeksjonar hadde auka sidan sist tilsyn, men at det framleis var brot på krav.

Dette tilsynet har etter Vegtilsynet si vurdering vist at Statens vegvesen, gjennom oppfølging av bruinspeksjonar i dei geografiske områda, har oversikt over forslag til tiltak og oppfølging for dei mest alvorlege skaderegistreringane på bru. Tilsynssaka har samtidig vist at det er svakheiter ved delar av Statens vegvesen sitt styringssystem for oppfølging av bruinspeksjonar. Det er punkt knytt til Kvalitetssystemet, organisering og ressursar som bør forbetrast. Det samla biletet av svakheitene er samansette, og knytt til fleire tilhøve ved rammene kring arbeidet som skal utførast. Gjennom saka har Vegtilsynet fått innsikt i korleis Statens vegvesen handterer desse utfordringane.

Konklusjonar

  1. Statens vegvesen må sikre at Kvalitetssystemet (Statens vegvesen sitt leiingssystem for kvalitet) fungerer etter hensikta og oppfyller sin funksjon som eit tilstrekkeleg og effektivt system for oppfølging av bruinspeksjonar​. Vegtilsynet viser til:

    • Fleire delar av organisasjonen opplever prosessane i Kvalitetssystemet som lite nyttige og dei vert i liten grad nytta av dei som arbeider med oppfølging av bruinspeksjonar.​

    • Det er ulik oppfatning av om det er krav eller ikkje til å registrere forslag til tiltak i Brutus. Det er varierande grad av registrering av forslag til tiltak.​

  2. Statens vegvesen bør klargjere bruforvaltar si rolle og den samla organiseringa og fordelinga av ansvar og oppgåver knytt til oppfølging av bruinspeksjon. Vegtilsynet viser til:

    • Bruforvaltar opplever at det er krevjande å følgje opp pålagt ansvar og oppgåver for bruene i sine geografiske område.

    • Det er risiko for at det er ulik forståing for kva oppgåver og ansvar som ligg til bruforvaltarrolla ettersom det ikkje føreligg ei klar rollebeskriving.

  3. Statens vegvesen bør sikre tilstrekkelege verktøy (FDV-system) til bruk ved oppfølging av bruinspeksjonar. Vegtilsynet viser til:

    • Statens vegvesen har ikkje eit tilstrekkeleg system for planlegging, prioritering og oppfølging av bruvedlikehald.

    • Dei geografiske områda har god kompetanse og god oversikt over tiltak i dei geografiske områda, men Statens vegvesen har ikkje tilstrekkeleg tilfredsstillande verktøy for å ha ei samla og oppdatert oversikt på nasjonal nivå over tiltak for utbetring av skadar.

    • Statens vegvesen har ikkje eit system som gjer det mogeleg å aggregere data eller gjere prioriteringar av føreslegne tiltak for utbetring av skader mellom dei geografiske områda.​

Statens vegvesen har iverksett ei rekkje tiltak basert på tidlegare tilsyn, rapportar og hendingar. Somme av punkta Vegtilsynet har undersøkt var også omtala i Statens vegvesen sin rapport frå 2018 der ein gjekk gjennom bruforvaltninga. Vegtilsynet sin nye rapport peikar mellom anna på utfordringar som har vore kjent i Statens vegvesen over tid. Det pågår eit omfattande forbetringsarbeid i Statens vegvesen knytt til bruforvaltning utløyst av både interne og eksterne forhold. I den nye tilsynsrapporten peikar Vegtilsynet på punkt som etter vår vurdering er viktige å handtere i forbetringsarbeidet. Vegtilsynet vil følgje opp konklusjonane i rapporten med Statens vegvesen.