Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Rapport om brann i køyretøy på rv. 5, Fjærlandstunnelen 17. april 2017

Sikkerheitstilråding Veg nr 2019/14T

Undersøkinga av køyretøybrannen i Fjærlandstunnelen 17. april 2017 har avdekt at Statens vegvesen sin plan for tryggleik, helse og arbeidsmiljø (SHA) var av ein generell karakter, og gjaldt for alle arbeidsoperasjonane innanfor den aktuelle driftskontrakten. SHA-planen si risikovurdering omhandla ei rekke ulike risikotilhøve som ikkje var relevante for arbeida i Fjærlandstunnelen, medan brann i tunnel ikkje var identifisert som eit spesifikt risikotilhøve.

Statens havarikommisjon for transport tilrår at Statens vegvesen etablerer rutinar for å sikre at arbeid i tunnel anten blir sikra i eigne SHA-planar, eller at eksisterande SHA-planar blir reviderte og tilpassa for dei spesifikke tilhøva i tunnelen.

Status

Lukka

Samandrag

Manglande ivaretaking og tilrettelegging for sjølvredningsprinsippet ved gjennomføring av tunnelreinhald bidrog til at 13 trafikantar blei fanga i røyk då det oppstod brann i ein feiebil inne i Fjærlandstunnelen 17. april 2017.

Havarikommisjonen tilrår etablering av fysiske leiesystem for trafikantar, forbetring av rutinar ved planlegging av tunnelarbeid og økt fokus på ivaretaking og tilrettelegging av sjølvredningsprinsippet i handbøker som omhandlar arbeid i tunnel.

Det vert fremja fire tryggleikstilrådingar i samband med denne undersøkinga.