Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Rapport om brann i vogntog på E16 i Gudvangatunnelen i Aurland 30. mars 2019

Sikkerheitstilråding Veg nr 2020/05T

Ved brannen i Gudvangatunnelen 30. mars 2019 evakuerte to personar tunnelen til fots i ca. 1 km gjennom tett røyk, utan sikt og utan andre hjelpemiddel enn lommelykta på sine eigne mobiltelefonar. Dei var eksponerte for brannrøyk i ca. 22 minutt, og begge hadde karbonmonoksid i blodet som kan knytast til brannen. Erfaring frå denne og tidlegare undersøkingar som SHK har gjort av brannar i lange eittløpstunnelar, viser at tidsmarginane er små, det er vanskeleg å unngå at trafikantar blir fanga i røyk, og at det manglar fysiske barrierar eller utstyr som kan verne trafikantane mot røyk og giftige branngassar.

Statens havarikommisjon tilrår at Statens vegvesen set i verk tiltak som kompenserer for manglande naudutgangar og alternativ friskluft for trafikantar som blir fanga i røyk i lange eittløpstunnelar

Status

Lukka

Samandrag

Den 30. mars 2019 om lag kl. 0330 byrja det å brenne i eit norsk vogntog i den 11,4 km lange Gudvangatunnelen. Dette var den tredje brannen i eit større køyretøy i denne tunnelen sidan 2013. Ingen blei alvorleg skadde, men fire personer blei behandla for lettare røykskadar.

I samband med tidlegare tunnelbrannar har det synt seg at det er krevjande å sikre sjølvredningsprinsippet i lange eittløpstunnelar. SHK vurderer det slik at trafikantane raskt blei klare over situasjonen under denne brannen, og at alle saman raskt sette i verk tiltak for å fjerne seg frå situasjonen på grunnlag av avgrensa informasjon. Denne hendinga viser både kor krevjande det er å rygge eit vogntog i ein tunnel og kor lite som skal til for at trafikantar blir fanga i røyken.

Ved store brannar i lange eittløpstunnelar utan naudutgangar finst det ikkje andre fysiske barrierar eller hjelpemiddel enn tunnelventilasjonen som kan skjerme trafikantar frå røyk og giftige branngassar. Undersøkinga har synt at tidsvindauget er lite, og at det er vanskeleg å unngå at trafikantar blir fanga i røyk.

SHK meiner at det bør etablerast kompenserande tiltak på dette området, og fremjar difor ei tryggleikstilråding.