Undersøkinga av møteulukka mellom to vogntog nord for Hagantunnelen på riksveg 4 i Nittedal 27. mai 2021 viser at søvn og trøyttleik ha vore medverkande til at det eine vogntoget kryssa vegbanen. Vogntoget hadde ingen tekniske førarstøttesystem som kunne ha varsla føraren om byte av køyrefelt eller om trøyttleik eller umerksemd. System for trøyttleiks- og merksemdsåtvaring (Driver Drowsiness and Attention Warning, DDAW) blir obligatorisk for alle nye køyretøy i EØS sine medlemsstatar frå 7. juli 2024. SHK meiner at det bør initierast arbeid for auka bruk av førarstøttesystem, og ser at Treparts bransjeprogram for transport har digitale verktøy som kan hjelpa transporttingarar til å spesifisera også tekniske førarstøttesystem i sine kontraktar.
Statens havarikommisjon tilrår Treparts bransjeprogram for transport om å inkludera punkt om tekniske førarstøttesystem i "e-guide for godstransport på vei".