Undersøkinga av ulukka 11. april 2018 mellom ein tankbil og ein personbil på rv. 55 i Sogndal har vist at Sogn brann og redning IKS ikkje hadde gode nok system for å gjennomføre vedlikehaldstrening i tråd med krava i utrykkingsforskrifta for mannskapa sine. Det er ikkje krav om at det skal leggjast fram dokumentasjon på at vedlikehaldstrening er gjennomført i samband med fornyinga av kompetansebeviset for utrykkingsførarar kvart femte år. Forskrifta krev at den einskilde utrykkingsføraren til ei kvar tid skal ha den kompetansen som er naudsynt for aktuelle oppdrag og køyretøy, og SHT stiller seg kritisk til at det ikkje er krav om spesifikk vedlikehaldstrening med tyngre køyretøy.
Statens havarikommisjon for transport tilrår at Statens vegvesen vurderer å innføre krav til dokumentert vedlikehaldstrening ved fornying av kompetansebevis for utrykkingskøyring, kode 160.