Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Rapport om påkøyringsulykke mellom lastebil med kran og gangbru på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023

Sikkerheitstilråding Veg nr 2024/16T

Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Brua fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom. Dette er den eine av to dødsulykker i 2023 der lastebilar med kran har køyrt inn i konstruksjonar over vegen. I tillegg har det vore hendingar med materielle skadar.

Standarden for lastebilkraner, NS-EN 12999, har krav om varsling av føraren dersom krana ikkje er i sikker posisjon før køyring. Undersøkinga har likevel vist at hendingane skjer med både gamle og nye lastebilar, og at varsling er ein sårbar barriere. Varslingssystemet kan manipulerast slik at ein kan bruke krana effektivt som arbeidsutstyr, eller tekniske feil kan oppstå. SHK meiner at ei form for fartssperre som tilleggsbarriere kan bidra til å forbetre tryggleiken.

Statens havarikommisjon tilrår Arbeidstilsynet som marknadskontrollstyresmakt for maskinar å vurdere og melde behov for forbetring av NS-EN 12999 Loader Cranes.

Status

Open

Samandrag

Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Kranarmen var 6,3 m høg og brua låg ca. 4,8 m over vegbanen. Betongelementet fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom.

Undersøkinga har avdekka fleire svakheiter når det gjeld lastebilar med kranpåbygg og barrierar for å unngå utilsikta køyring med heva kranarm. Det er òg avdekka svakheiter i forvaltninga av bruer som er sårbare og kan utgjere ein fare ved påkøyring.

SHK fremjar fem tryggingstilrådingar knytte til dette.