Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Brua fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom. Dette er den eine av to dødsulykker i 2023 der lastebilar med kran har køyrt inn i konstruksjonar over vegen. I tillegg har det vore hendingar med materielle skadar.
Standarden for lastebilkraner, NS-EN 12999, har krav om varsling av føraren dersom krana ikkje er i sikker posisjon før køyring. Undersøkinga har likevel vist at hendingane skjer med både gamle og nye lastebilar, og at varsling er ein sårbar barriere. SHK ser behov for at eigarar av lastebilar med kran blir orienterte om moglegheiter for å innføre fartssperre som tilleggsbarriere i dei noverande køyretøya sine, då det går tid før nye kraner kan bli leverte med krav til slik tryggleik.
Statens havarikommisjon tilrår Norges Lastebileier-Forbund (NLF) å rettleie lastebileigarar om moglegheiter for å omprogrammere kranbilane sine for å få til ei fartsavgrensing som fysisk barriere mot køyring med heva kranarm.