Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Rapport om påkøyringsulykke mellom lastebil med kran og gangbru på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023

Sikkerheitstilråding Veg nr 2024/18T

Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Brua fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom. Dette er den eine av to dødsulykker i 2023 der lastebilar med kran har køyrt inn i konstruksjonar over vegen. I tillegg har det vore hendingar med materielle skadar.

Standarden for lastebilkraner, NS-EN 12999, har krav om varsling av føraren dersom krana ikkje er i sikker posisjon før køyring. Undersøkinga har likevel vist at hendingane skjer med både gamle og nye lastebilar, og at varsling er ein sårbar barriere. Ved årleg sakkunnig kontroll av krana blir varslinga sjekka, men dei ulike sakkunnige verksemdene har kontrollskjema som varierer når det gjeld både omfang og gjennomføring av varslingskontroll.

Statens havarikommisjon tilrår Arbeidstilsynet å følgje opp sertifiseringsordninga for sakkunnig kontroll for å sikre ein meir einskapleg og utvida kontroll av varslingssystem på lastebilkraner.

Status

Open

Samandrag

Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Kranarmen var 6,3 m høg og brua låg ca. 4,8 m over vegbanen. Betongelementet fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom.

Undersøkinga har avdekka fleire svakheiter når det gjeld lastebilar med kranpåbygg og barrierar for å unngå utilsikta køyring med heva kranarm. Det er òg avdekka svakheiter i forvaltninga av bruer som er sårbare og kan utgjere ein fare ved påkøyring.

SHK fremjar fem tryggingstilrådingar knytte til dette.