Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Rapport om påkøyringsulykke mellom lastebil med kran og gangbru på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023

Sikkerheitstilråding Veg nr 2024/19T

Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Brua fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom. Dette er den eine av to dødsulykker i 2023 der lastebilar med kran har køyrt inn i konstruksjonar over vegen. I tillegg har det vore hendingar med materielle skadar.

Standarden for lastebilkraner, NS-EN 12999, har krav om varsling av føraren dersom krana ikkje er i sikker posisjon før køyring. Undersøkinga har likevel vist at hendingane skjer med både gamle og nye lastebilar, og at varsling er ein sårbar barriere. Ved årleg sakkunnig kontroll av krana blir varsling sjekka, men løpande manglar blir ikkje fanga opp. Utekontrollverksemda til Statens vegvesen kan i dag kontrollere om den årlege sakkunnige kontrollen er gjennomført. SHK meiner at dei òg bør ha moglegheit til å sjekke lyd- og lysvarsling for heva kranarm ved stikkprøvekontrollar, med bistand frå førar som har naudsynt kompetansebevis (G8). For at eventuelle avvik skal følgjast opp, må det vere ei ordning som kommuniserer avvik til Arbeidstilsynet.

Statens havarikommisjon tilrår utekontrollverksemda til Statens vegvesen å gjennomføre stikkprøvekontrollar av lyd- og lysvarsling for heva kranarm på lastebilar med kran, og dessutan informere Arbeidstilsynet om manglar som må følgjast opp med tilsyn.

Status

Open

Samandrag

Ulykka på fylkesveg 5210 i Bergen 31. juli 2023 skjedde då ein lastebil med heva kranarm køyrde inn i ei gangbru. Kranarmen var 6,3 m høg og brua låg ca. 4,8 m over vegbanen. Betongelementet fall ned på førarhuset til lastebilen, og føraren omkom.

Undersøkinga har avdekka fleire svakheiter når det gjeld lastebilar med kranpåbygg og barrierar for å unngå utilsikta køyring med heva kranarm. Det er òg avdekka svakheiter i forvaltninga av bruer som er sårbare og kan utgjere ein fare ved påkøyring.

SHK fremjar fem tryggingstilrådingar knytte til dette.