Fire personar omkom, og ein person blei alvorleg skadd i Steigentunnelen 15. mai 2022, då ein personbil køyrde inn i ein traktor med tilhengar i same køyreretning. Traktoren var saktegåande og tilhengaren mangla baklys. Den 8 km lange tunnelen hadde mørke veggar, og lysanlegget var ikkje i samsvar med tunneltryggleiksforskrifta for fylkesveg. Personbilen køyrde mest sannsynleg gjennom tunnelen utan å bruke fjernlys. Nordland fylkeskommune hadde planlagt å oppgradere tunnelen innan 2025. Det var ikkje sett i verk fysiske eller trafikale tiltak i påvente av oppgradering, og tunnelen var open for alle trafikantgrupper.
Statens havarikommisjon tilrår at Nordland fylkeskommune set i verk kompenserande tiltak i Steigentunnelen som kan ivareta trafikktryggleiken fram til lysanlegget blir oppgradert.