Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Rapport om vegtrafikkulukke med personbil og traktor med tilhengar på fv. 835 i Steigentunnelen i Hamarøy kommune 15. mai 2022

Sikkerheitstilråding Veg nr 2023/12T

Fire personar omkom, og ein person blei alvorleg skadd i Steigentunnelen 15. mai 2022, då ein personbil køyrde inn i ein traktor med tilhengar i same køyreretning. Traktoren var saktegåande og tilhengaren mangla baklys. Den 8 km lange tunnelen hadde mørke veggar, og lysanlegget var ikkje i samsvar med tunneltryggleiksforskrifta for fylkesveg. Personbilen køyrde mest sannsynleg gjennom tunnelen utan å bruke fjernlys. Nordland fylkeskommune hadde planlagt å oppgradere tunnelen innan 2025. Det var ikkje sett i verk fysiske eller trafikale tiltak i påvente av oppgradering, og tunnelen var open for alle trafikantgrupper.

Statens havarikommisjon tilrår at Statens vegvesen som vegmyndigheit, formidlar til eigarane av lange vegtunnelar ei tilråding om å gjennomgå lys- og trafikkforhold, samt sette i verk trafikale og/eller fysiske tiltak som kan ivareta trafikktryggleiken fram til lysanlegget eventuelt blir oppgradert.

Status

Lukka

Samandrag

Fire personar omkom, og ein person blei alvorleg skadd i Steigentunnelen 15. mai 2022, då ein personbil køyrde inn i ein traktor med tilhengar i same køyreretning.

Undersøkinga har vist at det var fleire vesentlege manglar når det gjaldt tryggleik. Traktoren var saktegåande og tilhengaren mangla baklys, tunnelen var mørk med svakt lys, og personbilen køyrde sannsynlegvis gjennom tunnelen utan å bruke fjernlys. Skadeomfanget blei omfattande fordi fleire personar ikkje brukte bilbelte.

SHK fremjar ei tryggleikstilråding til Nordland fylkeskommune og ei tryggleikstilråding til Statens vegvesen som følgje av undersøkinga